Home
Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Studentrepresentasjon og fagutvalg

Studentorganisasjonar og fagutval gjer ein viktig jobb for at du skal trivast som student, både fagleg og sosialt. Her finn du informasjon om studentorganisasjonar og fagutval ved AHKR.

Main content

I alle organ ved Universitetet i Bergen som har vedtaksmyndigheit har studentane krav på 20 prosent representasjon. Slik kan dei vere med på å bestemme korleis universitetet skal vere.

Studentar i råd og utval

Ved AHKR er studentane i hovudsak representerte i tre demokratiske utval ved instituttet: Fagmøte på fagnivå, som skal ha to studentrepresentantar som normalt vert valde av fagutvalet; Utval for undervising og internasjonalisering (UUI) og Instituttrådet på instituttnivå. Instituttutvalet vel studentrepresentantar til UUI og Instituttrådet.

Om ein ynskjer å sitje som studentrepresentant er det ikkje naudsynt å ha vore med i utval eller råd tidlegare. Det er derimot viktig å lese dei sakspapira som vert sende ut, og å setje seg inn i kva dei ulike utvala og råda har ansvar for. Du finn relevant informasjon om utvala her.

Instituttet har ein kontaktperson som har ansvar for rådgjeving og koordinering av fagutvala, og som kan hjelpe studentane med spørsmål om drift og økonomi.

Instituttet arrangerer normalt ein fagutvalslunsj i byrjinga av kvart semester (februar om våren og september om hausten) der alle studentar som er med i, eller interessert i å vere med i, fagutval vert inviterte. Dette er ei anledning til å leggje fram aktuelle saker og arrangement for det kommande semesteret. Her svarar òg representantar frå instituttet på eventuelle spørsmål ein måtte ha om det å vere studentrepresentant og å drive fagutval ved AHKR. Ta kontakt med Kjersti Ure Engevik ved spørsmål om fagutvalslunsjen.