Home
Environmental toxicology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Ingar Bruheim

Proteomstudiar av plasmaprøver frå torsk eksponert for MeHg og PCB153

Main content

Albumin kan utgjera over halvparten av plasmaproteomet og i serum frå menneske kan dei ti vanlegaste proteina utgjera så mykje som 90%. Når målet er å finna biomarkørar i plasma er dei vanlegaste proteina ofte lite interessante og ein vil ofte ha behov for å fjerna desse proteina frå prøven. For å finna biomarkørkandidatar er det ønskjeleg å studera eit større utval av protein, det vil seia dei proteina som finst i mindre konsentrasjonar. Fraksjonering,separering og konsentrering er enkle metodar som har blitt brukt til å identifisera lågkonsentrasjonsprotein i komplekse løysningar. I denne oppgåva vart to ulike fraksjoneringsmetodar prøvd ut. Proteomstudiar vart gjort på plasmaprøvar frå juvenil torsk eksponert for ulike dosar av metylkvikksølv og PCB153. Dette er to giftstoff som båe har nevrotoksiske effektar. Plasma vart fraksjonert ved ultrafiltering og med ei kolonne som bind albumin og indirekte alle albuminassosierte protein. Ufraksjonert og fraksjonert plasma vart samanlikna etter gelelektroforese. Dei ulike fraksjonane og ufraksjonert prøve vart separert på preparative 1D og 2D-gelar. 2D-gelane vart samanlikna med analyseprogrammet Delta2D frå Decodon. Høgmolekylære protein vart separert med preparativ glycin SDSPAGE og lågmolekylære protein med preparativ tricin SDS-PAGE. Somme av proteina frå gelane vart freista identifisert med MALDI TOF og MALDI TOF-TOF.