
10 reasons to choose UiB
UiB provides an amazing student environment, engaging studies with skilled teachers and an education that gives you exciting career opportunities
Lektorprogrammet gir deg det du treng for å jobbe som lærar i realfag i ungdomsskolen og vidaregåande skole.
Lektorprogrammet gir deg det du treng for å jobbe som lærar i realfag i ungdomsskolen og i vidaregåande skole. Du får ei solid fagutdanning i to realfag samtidig som du lærer korleis planlegge undervisning og legge til rette for læring i desse faga. Du får prøvd deg som lærar i løpet av ein omfattande praksis. Du fordjupar deg mest i det eine realfaget og avsluttar studiet med ei masteroppgåve i dette faget. Masteroppgåva kan enten ha fokus på undervisning og læring i faget, eller vere reint realfagleg.
Du kan velje mellom desse kombinasjonane av to realfag:
Du vil frå starten av studiet høyre til eit kull, slik at du raskt blir kjent med dei andre studentane på programmet.
I dette profesjonsstudiet har du noka undervisning og nokre aktivitetar saman med berre andre lektorstudentar, for eksempel i pedagogikk. Mykje av den realfaglege undervisninga har du også saman med andre realfagstudentar, og du får dermed det same faglege nivået på utdanninga di.
Undervisninga kan ha ulike former avhengig av kva fag, for eksempel forelesing, gruppearbeid, seminar, laboratorieøving og feltkurs. Litteraturen og undervisninga er på norsk og engelsk.
Lektorprogrammet er eit krevjande fulltidsstudium, der du vil ha ansvar for mykje av arbeidet sjølv. Totalt må du rekne med å bruke 40 timar i veka på studiet.
Praksis er ein sentral del av lektorutdanninga, og du skal ha 100 dagar praksis i løpet av studiet.
Lektorprogrammet gir deg kompetanse til å undervise i ungdomskole og vidaregåande skole, og dei fleste av dei som fullfører programmet går ut i jobb som lærar i skolen. Men det finst andre moglegheiter avhengig av fordjupinga i masteroppgåva, for eksempel jobbar i industrien eller vidare doktorgradsstudium (PhD).
Read interviews with former studentsRequires documentation of Norwegian Higher Education Entrance Qualification. In addition, an average grade of at least 3 in Norwegian, and specialization in mathematics. You must also document a specialization in another science subject, such as physics, biology or chemistry.
I tillegg: Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)
Teaching language: Norwegian and English
1. semester:
PEDA130 – Innføring i pedagogikk for lektorstudentar med kortpraksis (10 studiepoeng)
Emne i realfag (20 studiepoeng)
2. semester
Emne i realfag (30 studiepoeng)
3. semester
REALDI100-P – Læring i realfaga med kortpraksis (10 studiepoeng)
Emne i realfag (20 studiepoeng)
4. semester
Emne i realfag (30 studiepoeng)
5. semester
Ex.phil (10 studiepoeng)
REALDI200 – Realfagsdidaktikk 2 (10 studiepoeng)
PEDA131 – Læreplan og undervisning (10 studiepoeng)
LANGPRAKSIS1 – Første langpraksisperiode (20 studiepoeng).
6. semester
Emne i realfag (30 studiepoeng)
7. semester
Emne i realfag (30 studiepoeng)
8. semester
PEDA132 – Lærarprofesjonalitet (10 studiepoeng)
Velg to av disse emnene:
MATDI300 – Matematikkdidaktikk (10 studiepoeng)
PHYSDI300 – Tilrettelegging for læring i fysikk (10 studiepoeng)
KJEMDI300 – Kjemididaktikk (10 studiepoeng)
BIODI300 – Biologididaktikk (10 studiepoeng)
NATDI300 – Tilpassa undervisning i naturfag (10 studiepoeng)
LANGPRAKSIS2 – Andre langpraksisperiode (30 studiepoeng)
9. semester
Emne i realfag (30 studiepoeng)
10. semester
Masteroppgåve (30 studiepoeng)
samt 10 dager campusbasert praksis fordelt i løpet av studiet.
Sjå oversikt over alle mener ved UiB
Sjå oversikt over studieløp for nærmare informasjon om kva realfagsemne som inngår i dei ulike fagkombinasjonane og kvar dei kampusbaserte dagane er plassert.
(Studenter tatt opp før 2024 kan finne oversikt over studieløp i Mitt UiB)
Possible specializations for this programme.
I løpet av lektorprogrammet kan du reise på utveksling eitt semester for å ta emne på eit universitet i utlandet. Nokre studentar får også kvart år anledning til å ha ein praksisperiode i Cape Town.
Lektorprogrammet kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium (PhD). Du kan også studere vidare for å skaffe deg eit tredje undervisningsfag.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.
Study plan for Integrated Teacher Programme in Science and Mathematics