Psykologi (profesjon)

For å bli autorisert psykolog må du ha profesjonsstudiet i psykologi. Om du lurer på kvifor vi menneske er slik vi er, og gjer slik vi gjer, er dette studiet for deg. Som psykolog kan du bidra til å hjelpe menneske i ein vanskeleg livssituasjon og fremme psykisk helse i samfunnet.

What will you learn?

På profesjonsstudiet i psykologi vil du lære å forstå, førebygge og behandle psykologiske problem og dysfunksjonell åtferd. Fokuset på studiet er også mykje meir enn sjukdom:   

  • Korleis menneska sitt kjensleliv oppstår og fungerer, kva det vil seie å vere bevisst og sjølvbevisst, og kva tankar er.  
  • Kva personlegdom er, korleis erfaringar og hendingar i barndommen kan påverke deg, og korleis vi menneske påverkar kvarandre.   
  • Korleis vanar og ubevisste val kan påverke deg, kvifor det kan vere vanskeleg å endre seg, og kvifor du likar nokon og mislikar andre.   
  • Korleis psykisk sjukdom vert sett i kontekst til kvar enkelt sin situasjon (alder, sosialt nettverk, personlegdom), og korleis dei kan behandlast med psykologiske metodar. 
  • Planlegging og utvikling av behandling og tiltaksprogram på eit vitskapleg grunnlag. 
  • Planlegging, leiing og gjennomføring av førebyggande arbeid.
Student life

I studiekvardagen får du tett oppfølging av dyktige og engasjerte forelesarar og blir godt kjent med dei ulike fagområda. I praksis får du møte menneske som har psykiske plager og hjelpe desse til å få det betre i samarbeid med ein erfaren psykolog.    

Alle emna på profesjonsstudiet er obligatoriske, og mykje av undervisninga og øvingar er obligatorisk. I ei typisk veke har du ca. 30 timar undervisning. I tillegg må du rekne med tid på lesesalen med sjølvstudium. Litteratur og undervisning er på norsk og på engelsk.  

Ein studiekvardag på profesjonsstudiet inneheld 

  • forelesingar  
  • seminargrupper  
  • laboratorieøvingar og praktiske øvingar  
  • ekskursjon   
  • individuelle oppgåver  
  • munnlege presentasjonar  
  • praksis  

Gjennom studietida blir du godt kjent med medstudentane dine, og du har gode moglegheiter for å engasjere deg i studentforeiningar og ta del i mange sosiale studentaktivitetar og tilbod.

Career

Fullført profesjonsstudium i psykologi gir grunnlag for å søke om autorisasjon som psykolog. For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og det private, og arbeidsmarknaden er derfor god.  

Dei vanlegaste arbeidsområda for psykologar er:  

  • helsevesenet  
  • forsking og undervisning  
  • skoleverket  
  • organisasjonar  
  • sosialsektoren 
  • privat praksis og private verksemder, for eksempel som konsulent  

Går du vidare til ph.d.-programmet, kan du oppnå ein doktorgrad. Den gjer deg kvalifisert til å arbeide innan forsking og høgare utdanning. 

Admission requirements and how to apply
Previous quota limits:
Ordinary quota: 66.5
Primary quota: 57.4

Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.

Admission requirement: GENS

You need to document Norwegian Higher Education Entrance Qualification. This is a requirement for all studies, other requirements are additional.

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Submission deadline for autumn semester: 15 April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Profesjonsstudiet i psykologi er eit 6-årig masterprogram (12 semester). Kvart semester bygger på kunnskap som du har lært tidlegare i studiet. Studentkullet vert delt i eit A- og eit B-kull frå og med hausten tredje studieår. Den eine delen av kullet fortset på studiet utan opphald (A-kull), og den andre delen av kullet tar ein «fritermin» på eitt semester (B-kull). Studentar kan i friterminen reise på utveksling, ta opne emne eller ta ein pause frå studia. 

1. semester  

PRPSYK100 - Psykologien og psykologprofesjonen si historie (5 studiepoeng)  

PRPSYK301A - Profesjonsførebuande I Psykisk helse, behandling og fagetikk (10 studiepoeng) 

PRPSYK301B - Profesjonsførebuande 2 - Helse, samfunn og psykologrolle (5 studiepoeng)  

PSYK112 - Sosial- og personlegdomspsykologi (10 studiepoeng) 

2. semester 

PRPSYK301C - Profesjonsførebuande 3 - Kommunikasjon og relasjonskompetanse (5 studiepoeng) 

PSYK114 - Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (15 studiepoeng) 

Examen philosophicum – skoleeksamen eller Examen philosophicum – seminarmodell (10 studiepoeng) 

3. semester 

PRPSYK302 - Utviklingspsykologi (15 studiepoeng)  

PRPSYKMET1 - Kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap (5 studiepoeng) 

PRPSYKMET2 - Kvantitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap (5 studiepoeng) 

PRPSYKVIT - Psykologiens vitskapsteori og forskingsmetodar (5 studiepoeng)  

4. semester 

PRPSYK303 - Biologisk psykologi (15 studiepoeng) 

PRPSYK304 - Kognitiv nevrovitenskap (15 studiepoeng) 

*KULLDELING I A- og B-KULL SKJER ETTER 4. SEMESTER

5. semester 

PRPSYK305 - Kognitiv psykologi (15 studiepoeng) 

PRPSYK306 - Klinisk nevropsykologi (15 studiepoeng) 

6. semester  

PRPSYK307 - Skole- og opplæringspsykologi (15 studiepoeng)  

PRPSYK308 - Personlegdomspsykologi (15 studiepoeng) 

7. semester 

PRPSYK309 - Sosialpsykologi (15 studiepoeng)  

PRPSYK310 - Kultur, helse og utvikling (15 studiepoeng)  

8. semester 

PRPSYK311A - Psykologisk kartlegging (6 studiepoeng) 

PRPSYK311B - Psykologisk behandling (14 studiepoeng)  

PRPSYK311C - Psykologen som leiar (4 studiepoeng)  

PRPSYK314 - Intern klinisk opplæring (8.-10. semester) (22 studiepoeng)  

9. semester  

PRPSYK312A - Psykologisk behandling II (12 studiepoeng)  

PRPSYK312B - Psykologisk behandling III (5 studiepoeng)  

PRPSYK312C - Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis (5 studiepoeng)  

PRPSYK314 - Intern klinisk-psykologisk praksis (8.-10. semester) (22 studiepoeng) 

10. semester  

PRPSYK313 - Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilete (7 studiepoeng)  

PRPSYK314 - Intern klinisk-psykologisk praksis (8.-10. semester) (22 studiepoeng)  

PRPSYK315 - Samfunnspsykologi (15 studiepoeng)  

11. semester  

PRPSYK316 - Ekstern fordjupingspraksis (15 studiepoeng)  

12. semester  

PRPSYK317 - Hovudoppgåve (30 studiepoeng) 

Study abroad

Ved Det psykologiske fakultet er det forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i 5., 7. eller 11. semester. 

See recommended exchange agreements

Further studies

Med cand.psychol-graden kan du søke opptak til ph.d.-programmet. Eit fullført ph.d program gir deg ein doktorgrad (Philosophiae doctor, ph.d.).

Questions about the study?

Phone number: +47 55 58 27 10
E-mail: info.psyfa@uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for Professional studies in psychology