Sushi, manga, karaoke, haiku og zen er alle ord og omgrep som viser kor synleg Japan og den japanske kulturen er blitt i den globaliserte verda. Det japanske samfunnet, der gammalt og nytt lever side om side, inneheld fleire kjende element i ein framandkulturell kontekst. Nøkkelen til auka kjennskap om den fascinerande kulturen går gjennom det japanske språket.
Fagkoordinator: Nathan Hopson
Studierettleiar/Eksamenskonsulent: Annelen Horsås
Japanskseksjonen tilbyr i dag eit Bachelorprogram i japansk med hovudvekt på språktileigning og språklæring. Den historiske og kulturelle konteksten som språket blir til i, får studentane kjennskap til mellom anna gjennom japansk litteratur og historie. Med kompetanse i japansk er du aktuell for arbeid innan næringslivet, i bransjar som turisme og fiskeeksport.
Japanskmiljøet ved UiB og NHH er samla på ei felles facebookside (ekstern lenke).
Studieprogram: Bachelorprogram i japansk Masterprogram i japanstudier
Visste du at:
Innbyggjarane sitt namn på landet, Nihon eller Nippon, betyr Sola sitt opphav og er opprinneleg ein sørkinesisk uttale av dei to teikna som dannar namnet.