Program ein kan ta i kulturvitskap:
Fagkoordinator
Tove Ingebjørg Fjell
Studierettleiar
e-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Kulturvitskap
Det blir sagt at utan kulturen stoppar Noreg, men kva er det særeigne ved kultur? Korleis er kulturen til stades i alt vi gjer - i for eksempel seksualiteten vår og haldninga vår til kropp, i maten vi et eller i bruken vår av sosiale medium? Kvifor kan kvardagskulturen seiast å vere fundamentet for heile samfunnslivet? Slike spørsmål står sentralt i faget kulturvitskap.
Kulturvitskap er studiet av kvardagskultur og korleis menneske skaper meining i tilværa. Studiet vil gi deg grunnleggande kunnskap om mennesket som kulturskapande og kulturberande vesen. Faget arbeider både med kulturhistorie og kulturanalyse av samtidsfenomen. Kulturvitskap arbeider blant anna med kulturelle perspektivet på migrasjon og etniske konfliktar, kjønn og seksualitet, helse og hygiene, magi og møte med det overnaturlege. Andre sentrale tema er materialitet, kulturarv og tradisjonar som segner og eventyr.
Etno-folkloristisk arkiv
Etno-folkloristisk arkiv (EFA) er eit kulturhistorisk forskingsarkiv/tradisjonsarkiv.