Hjem
Forskergruppe for klima-, energi- og miljørett
Seminar

Max Münchmeyer med presentasjon av sitt PhD-prosjekt

Max Münchmeyer, doktorgradsstipendiat ved det juridiske institutt ved European University Institute i Firenze, presenterte delar av sitt PhD-prosjekt for forskargruppa 11. november.

Max Münchmeyer
Foto/ill.:
Max Münchmeyer, European University Institute

Hovedinnhold

Max har ein Bachelorgrad (LLB) i juss og statsvitskap frå Trinity College i Dublin, ein LLM i europeisk rett frå London School of Economics and Political Science med temaet "Klimaendringar, fornybar energi og sjølvbestemming i EU", og ein LLM i komparativ, europeisk og internasjonal rett frå European University Institute. I tillegg har han tidlegare jobba som forskar for energi- og klimapolitikk ved Institute of International and European Affairs i Dublin.

No held han på med ein doktorgrad ved European University Institute i Firenze, med temaet "Opprettinga av energiunionen: Utviklinga av legitimitet og energisuverenitet i EU". I denne forbinding presenterte han delar av forskinga si for forskargruppa i eit hybridseminar 11. november.

Temaet for presentasjonen var "Solidaritet i den europeiske energiunionen". Meir konkret snakka han om den prinsipielle dommen Case C-848/19 P – Germany v Poland, der EU-domstolen for fyrste gong stadfesta at prinsippet om energisolidaritet slik det følgjer av artikkel 194 TFEU ikkje berre er ei rein politisk og prosessuell retningslinje, men eit bindande og juridisk håndhevbart prinsipp i EUs primærrett som inneberer rettar og pliktar både for EU og for medlemsstatene.

Med andre ord har den europeiske unionen ei solidaritetsplikt overfor medlemsstatene i det vertikale forholdet, og medlemsstatane ei solidaritetsplikt overfor kvarandre og den europeiske unionen i det horisontale forholdet. Spørsmålet Max reiste for forskargruppa var om dette vil medføre at EU-kommisjonen vil krevje større samordning mellom nasjonale energipolitiske strategiar for å nå pan-europeiske avkarboniseringsmål, eller om medlemsland som er motvillige til å avkarbonisere vil operasjonalisere prinsippet til krevje mindre tyngande utsleppsreduksjonsforpliktingar - eit grep som kan vise seg å vere skadeleg for suksessen til "the European Green Deal".

Energy Union
Foto/ill.:
Energy Union