Hjem

Forskergruppen Vitenskapsteori

Hovedinnhold

Bildet viser et seilskip som trekkes av et dampskip

Forskargruppa Vitskapsteori

Forskargruppa Vitskapsteori held til ved Senter for vitskapsteori (SVT) og jobbar breitt og tverrfagleg med vitskapsteoretiske problemstillingar. Vitskapsteori rommar filosofisk, historisk og samfunnsvitskapleg forsking på den rolla dei ulike vitskapane spelar i samfunnet og på kunnskapsteoretiske og etiske sider ved vitskapelig praksis. Døme på på problemstillingar:

  • Det vitskaplege grunnlaget for politiske avgjerdsler
  • Teknologien si rolle i moderne samfunn
  • Modellar i klimaforsking
  • Bioetikk
  • Vitskap og estetikk

Kontakt: Rasmus T. Slaattelid:  (leiar av forskargruppa)

Forskargruppa Vitskapsteori har tre kjerneoppgåver: 

Organisere og gjennomføre uavhengig forsking på vitskapsteoretiske problemstillingar med særleg omsyn til å vidareutvikle fagområdet vitskapsteori.

Styrke og vidareutvikle kunnskapsbasen til undervisningstilboda i vitskapsteori ved UiB.

Tilby og legge til rette for opplæring i vitskapsteoretiske problemstillingar og arbeidsmåtar med særleg relevans for doktorgradsstudentane ved Senter for vitskapsteori.

Internseminar ved Senter for vitenskapsteori
Bilde av oppslått bok med briller

Internseminar

De ansatte ved Senter for vitenskapsteori har regelmessige internseminarer.