Hjem
Forskningsgruppe for psykoterapiforskning og klinisk opplæring

Hovedinnhold

Undergruppa “klinisk opplæring” blir leia av professor Signe Hjelen Stige. Gruppa har over fleire år lagt grunnlaget for å kunne gjere forsking på den kliniske opplæringa vi tilbyr på universitetet. Samfunnet set av store summar for å sikre at universiteta utdannar godt kvalifiserte psykologar, som kan ivareta bredda av oppgåver psykologar skal kunne løyse etter fullført utdanning. Tradisjonelt universiteta sikra at studentane har lært det dei skal gjennom vurderingar innan kvart emne i utdanninga, samt godkjente praksisperiodar. Det er derimot, både nasjonalt og internasjonalt, svært lite systematisering av erfaring med den kliniske opplæringa, og ein har i lita grad undersøkt om studentane får styrka sentrale ferdigheiter gjennom utdanninga. Dette perspektivet er vi interesserte i å utvikle og utforske – både i grunnutdanninga og knytt til utvikling av kliniske ferdigheiter etter fullført utdanning, t.d. gjennom spesialiseringsløpet.

Sjølv om gruppa har jobba med å legge grunnlaget for slik forsking over fleire år, er gruppa og forskingsporteføljen framleis under utvikling og oppbygging. Gruppa har likevel fleire konkrete område der vi jobbar systematisk:

Område 1: Formulering av kva kompetanse som er naudsynt for å ha som klinisk psykolog

I dette prosjektet brukar vi metasyntese som metode, og gjer ei analyse av kva kompetanse som ein forventar at ein klinisk psykolog har, slik det er formulert i ulike styringsdokument (t.d. RETHOS, Nasjonal plan, EuroPsy, amerikanske og australske akkreditteringsdokument, osv). 

Vi som samarbeider om dette prosjektet er Signe H. Stige, Jon Vøllestad, Endre Visted og Elisabeth Schanche
 

Område 2: Måling av relevante kliniske ferdigheter

Som del av arbeidet med å finne ut korleis vi kan måle utvikling av relevante, kliniske ferdigheter gjennom opplæring, har vi valgt å sjå på FIS (Fasiliterande Interpersonlige Ferdigheter – Anderson et al., 2009). FIS utgjer eit standardisert stimulusmateriale, som ein responderer på. Responsen blir tatt opp, og blir så skåra på 8 område, som utgjer ei operasjonalisering av fellesfaktorane. FIS-skåre har vist seg å ha samanheng med klientutfall i terapi (Anderson et al., 2009; 2016). Å sjå på FIS og utvikling av dette gjennom utdanninga har difor potensiale. Vi har difor sikra opplæring i FIS-skåring frå Timothy Anderson og Katie Aafjes-van Doorn saman med kollegaer ved UiO og NTNU. 

Sjølv om FIS har potensiale er det likevel mykje ein ikkje veit om FIS – og vi har difor konkrete planar forskingsprosjekt knytt til dette:

  • FIS stabilitet: Sjølv om ein har sett at FIS-skåre på den standardiserte testen predikerer klientutfall, veit ein mindre om stabiliteten i FIS. Vi ynskjer difor å bruke videoar av terapiforløp frå ein RCT som samanliknar emosjonsfokusert og kognitiv terapi for depresjon og skåre FIS på terapivideoar, og sjå på stabilitet gjennom forløp og på tvers av forløp for same terapeut. Vi som samarbeider om dette er Elisabeth Schanche, Signe H. Stige, Aslak Hjeltnes og Jan Reidar Stiegler.
  • FIS proxy: Vi ønsker også å gjere eit konkret forskingsprosjekt som utforskar samanhengen mellom FIS-skåre i den standardiserte testen med FIS-skåre på faktiske terapivideoar. Vi vil derfor gjere eit prosjekt der vi brukar dei same dataa frå RCT som vi bruker på FIS stabilitet, og samanliknar dette med dei same terapeutane sine skårar på den standardiserte FIS-testen. Vi som samarbeider om dette er Signe H. Stige, Elisabeth Schanche og Jan Reidar Stiegler

I forlengelsen av desse prosjekta ynskjer vi å undersøke bevegelsen til studentane på FIS gjennom profesjonsstudiet, samt bruke FIS til å teste effekten av ulike endringar vi innfører i den kliniske opplæringa. 

Område 3: Undersøking av kva situasjonar norske klinikar opplever som særleg krevjande 

For å kunne gjere gode val i forhold til korleis vi legg opp den kliniske opplæringa vår er det viktig å vite noko om kva situasjonar norske klinikarar står i ofte, og som dei opplever som særleg krevjande. Vi har difor gjort ein sekvensiell, mixed-methods studie med to surveyundersøkingar og ei fokusgruppeundersøking med dette fokuset. 

Den første surveyundersøkinga sende vi til eit representativt utval norske psykologar, i samarbeid med Norsk Psykologforening. Undersøkinga viste at suicidalitet, vanskar med å etablere felles fokus og passive klientar både var blant dei hyppigast forekommande og dei mest krevjande frå terapeutperspektivet (Stige et al., 2019 - https://psykologtidsskriftet.no/vitenskapelig-artikkel/2019/08/kva-typar-mellommenneskelege-situasjonar-opplever-norske-psykologar). 

Den andre surveyundersøkinga sende vi til tilsette i psykisk helsevern for born og unge, i samarbeid med Helse Bergen. Undersøkinga viste at suicidalitet, passive klientar og situasjonar der føresette er veldig ueinige om situasjonen både var blant dei hyppigast forekommande og dei mest krevjande frå terapeutperspektivet (Stige et al., 2023 - https://psykologtidsskriftet.no/vitenskapelig-artikkel-originalartikkel/2023/01/krevjande-situasjonar-i-psykisk-helsevern-born-og

Fokusgruppeundersøkinga bygde vidare på desse to surveyane, og utforska terapeutperspektivet på kva som gjorde desse situasjonane så krevjande, og korleis det kunne vore nyttig å øve på denne type situasjonar. Vi gjennomførte 5 fokusgruppeintervju med behandlarar i psykisk helsevern for born og unge og 4 fokusgruppeintervju og eit individuelt intervju med behandlarar i psykisk helsevern for vaksne. Marion Hernes Torrissen leverte hovudoppgåve på desse dataa våren 2023. I tillegg inngår desse dataa i prosjektet om terapeutresponsivitet (sjå under). 

Vi ved UiB som har samarbeidd om desse prosjekta er Signe H. Stige, Elisabeth Schanche, Ingrid Dundas, Aslak Hjeltnes og Endre Visted.

I tillegg har vi samarbeidd med Irene Elgen og Gro Fjellheim i Helse Bergen. 

Desse prosjekta er avslutta.

Område 4: Etablering av videobibliotek med relevante, kliniske situasjonar i ein norsk kontekst

Spranget frå teori til å sitte med ein klient i praksis er stort, og vi har difor vore opptekne av å utforske måtar vi kan førebu studentane betre på praksis. Eit område der vi jobbar for å forbetre kliniske opplæring, er å etablere eit videobibliotek med eit bredt spekter filmar med korte scener frå relevante, kliniske situasjonar i ein norsk kontekst. Script til filmane er basert på dei tre undersøkingane av kva situasjonar norske klinikarar står ofte i og finn særleg krevjande (sjå over). Vi har utarbeidd script både innan barne- og voksenfeltet, og har spelt inn nokre filmar ved hjelp av profesjonelle skodespelarar. Vi er i prosess med å sikre midlar til å spele inn fleire filmar. Filmane finns både som VR (virtual reality) 360-filmar, og vanlig 2D-filmar. Videobiblioteket er tenkt å inngå i den kliniske opplæringa både ved å styrke grunnleggande kapasitetar og ferdigheiter, som å bli kjent med og kunne handtere eigne reaksjonar i ulike situasjonar, støtte i klinisk rettleiing ved å gi moglegheit til å øve på krevjande situasjonar ein kjem borti i praksis, samt som ei moglegheit til å øve på spesifikke intervensjonar og ferdigheiter, t.d. ved bruk av målretta ferdigheitstrening som pedagogisk rammeverk. Vi jobbar difor også med midlar til å etablere eit rom med VR-briller som studentane kan ha tilgang til, slik at dei kan bruke videobiblioteket også utanfor undervisninga.

Når vi har sikra midlar til innspeling og har etablert videobiblioteket vil vi systematisere erfaringar med videobibliotek ved å forske på endring i kliniske ferdigheiter, psykofysiologi, samt studenterfaringar med videobiblioteket.

Vi ved UiB som samarbeider om dette er Signe H. Stige, Elisabeth Schanche, Ingrid Dundas, Endre Visted og Yngvild S. Danielsen ved IKP, samt Frode Ims (fotograf) frå UiB læringslab. I tillegg samarbeider vi med Candice Fisher i Chile, som har etablert eit spansk videobibliotek som blir brukt i klinisk opplæring i Latin-Amerika. 

Område 5: VR vs. skjerm - gjer VR ein forskjell? 

Vi ønsker å tilby studentane moglegheit til å både bruke VR og vanlig film når dei brukar videobiblioteket – og tenker at VR gir nokre moglegheiter ifht å førebu studentane på praksis ved at situasjonane kjennes meir ekte ut – men stemmer dette? Det er gjort veldig lite forsking på forskjellen på skjerm og VR, og vi ynskjer å utforske dette systematisk, ved å måle psykofysiologisk aktivering og kor oppslukande filmane er, og om dette varierer systematisk avhengig av om stimuli er VR eller 2D-filmar. Prosjektet er under planlegging, og vi som samarbeider om dette er Signe H. Stige, Endre Visted og Berge Osnes

Område 6: Målrettet trening (Deliberate Practice) som pedagogisk modell for tileigning av klinisk kompetanse

Vi har også vore opptekne av å leite etter pedagogiske modellar som kan forbetre den kliniske opplæringa. Målretta trening (deliberate practice) har fått mykje merksemd innan feltet dei siste åra, som ein mogleg måte å jobbe systematisk med å forbetre kliniske ferdigheiter (t.d. Rousmaniere, 2017). Det finns likevel nesten inga forsking som utforskar dette systematisk. Vi har i dag mange element på plass i den internkliniske opplæringa som trengs for å kunne nytte målretta trening som rammeverk for opplæringa, og vi ynskjer å gjere pilotprosjekt der vi undersøker om bruk av målretta trening som rammeverk kan forbetre den kliniske opplæringa – t.d. ved å kombinere dette med bruk av videobiblioteket. Vi har også etablert kontakt med andre miljø i Norge som er opptekne av dette, som Vidar Husby og Høgskolen i Innlandet. 

Område 7: Korleis fasilitere utvikling av studentane sin terapeutresponsivitet? 

Ein av kompetansane som har blitt tydeleggjort som sentral i å forstå korleis og kvifor psykoterapi verkar, er terapeutresponsivitet (t.d. Stiles, 1998; Watson & Wiseman, 2021) – eller evna til terapeuten å vere oppmerksamt til stade og tilpasse behandlinga til den enkelte klient og kontekst. Terapeutresponsivitet er likevel notorisk vanskeleg å måle, og ein har hatt lite fokus på korleis ein kan trene opp eller styrke denne kompetansen. Gitt at terapeutresponsivitet er særleg viktig å krevjande kliniske situasjonar, brukte vi data frå den sekvensielle mixed-methodsstudien på krevjande kliniske situasjonar for å trekke implikasjonar for opplæring med fokus på styrke terapeutresponsivitet. Vi utvikla seks implikasjonar:

  1. Betydning av å bygge sjølvmedvit og konseptualiseringsferdigheiter;
  2. Tilpasse opplæringa til den enkelte student;
  3. Hjelpe studentane å omforme forstyrrande aktivering til engasjement;
  4. Sørge for at studentane blir eksponert for eit bredt spekter kliniske situasjonar gjennom utdanninga;
  5. Tilby treningsmoglegheiter på situasjonar som terapeutar ofte møter på; og
  6. Ha fokus på å bygge toleranse hos studentane til å tole usikkerheit og kapasitet ti å søke støtte (Stige et al., 2024

Vi som har samarbeid om dette er Signe H. Stige, Ingrid Dundas, Yngvild S. Danielsen, Reidar Jakobsen, Katharina T. E. Morken og Marion H. Torrissen. 

Område 8: Videokoding av terapi som moglegheit til modellæring 

Som del av prosessforsking gjer vi mykje koding av terapifilmar. Ofte bidreg studentar inn i dette arbeidet. Vi er opptekne av om denne moglegheita til å sjå ekte terapiforløp med eit bestemt fokus (det ein kodar) bidreg til å auke terapeutferdigheiter og mestringsforventning hos studentane gjennom at videokodinga fungerer som modellæring. Vi vil undersøk dette ved å teste studentane på FIS og mestringsforventning før og etter dei gjer videokoding, og der vi samanliknar endringane deira med endringane som ei kontrollgruppe studentar som kun føl vanlig undervisning på studiet opplever i same tidsrom. 

Vi som samarbeider om dette er Elisabeth Schanche og Signe H. Stige.