Presentasjon av masterprosjekt i geografi
Masterstudentane på andre året er godt i gang med arbeidet med sine masterprosjekt. Dei skal levere inn masteroppgåve i mai 2021.
Hovedinnhold
Masterstudentane på 2. året har levert sine posterpresentasjonar og presentert sine masterprosjekt på milepæl 3-seminaret 13. november. Dei presenterte sine prosjekt og feltarbeid og fekk tilbakemeldingar. Vi fekk sjå flotte plakatar med mange spennander prosjekt. Dette er også ein fin måte for bachelorstudentar og få eit innblikk i kva eit masterprosjekt i geografi er og bli inspirert til vidare masterstudiar. Variasjonen i tema er stor og skapar eit spennande studiemiljø, som masterstudent Maria Froastad seier:
Det er spennande å være ein del av eit studentmiljø der interesser varierar i alt frå oksygenisotopar i Grønlandsisen til byutvikling på Sotra.
Desse presentasjonane er også svært nyttig for deg som skal velje studieretning i bachelorprogrammet til våren. Vi har sortert presentasjonane på studieretning her. Klikk på lenkene for å sjå plakatane og lese meir om dei ulike prosjekta.
Samfunnsgeografi
Kjersti Sollund Hegsbro
Kortreist kvalitet
Tommy S. Loddengaard
Bærekraftig stedsutvikling langs bybanen i Bergen
Maïlys Rouillé
Cross-border fishtraders and foodsecurity
Edvard Hviding
Bærekraftig byutvikling på Forus
Caroline Nordøy Håvik
Utviklingen i Sotra Kystby
Lise Saga
A Political Ecology of the Tuna Value Chain in Ghana:The Role of Food Loss and Waste
Julie Elkjær Stentsøe
SAMSKAPING som strategi for stedsutvikling i et flerkulturelt samfunn
Miljø- og landskapsgeografi
Hedda Bakåsmoen Holm
Potentiallocal extinction of Artemisia Norvegicain Jondal
Carl William Lund
Natur i endring – Skog og gjengroing over 70 år
Christine Olson
Naturtypekartlegging og tilstandsvurdering av Bogstadvannet
Silje M. Lian Skreprud
Myravatnet og Eikelundstjørna –en studie av naturtyper, tilstand og sammenhenger
Naturgeografi
Mark Aguera
Automated Detection of Glacial and Periglacial Landforms
Ingvild Eike
Tidlig deglasiasjonog relaterte havnivåfluktuasjoner i Sandstrand-området i Tjeldsund, Nord-Norge
Mari Froastad
HOLOCENSTORMAKTIVITETVEDLISTA,SØR-NOREG
Halvor Norendal Hansen
Rekonstruksjon av samspillet mellom bre-og havnivåfluktuasjoner ved Rensåi T jeldsund, Nord-Norge, under eldre dryas (Skarpnestrinnet) og yngre dryas (Tromsø-Lyngentrinnet)
Romilly Harris Stuart
Quantifying the relationship between surface snow metamorphism and weather conditions to understand the physical processes driving changes in isotopic composition.
Dan Thomas
Automated detection of debris-covered glaciers using deep learning and object-based i mage analysis