Hjem
Institutt for geografi
Utveksling

Utvekslingsavtalar for geografistudentar

Det er mange avtalar å søke på. Kvar vil du reise på utveksling?

Kart med utvekslingsavtalar
Kart over utvekslingsavtalar som geografistudentar kan søke på.
Foto/ill.:
Institutt for geografi

Hovedinnhold

Institutt for geografi har inngått Erasmus+ utvekslingsavtalar med ei rekke universitet i Europa og UiB har bilaterale utvekslingsavtalar med universitet over heile verda. I tillegg kan du søke på Nordplus-avtalar i Norden gjennom Nordlysnettverket. 

Kart over utvekslingsavtalar

På oversiktkartet kan du klikke deg inn på den avtalen du vil vite meir om. Her finn du søkekode og lenke til avtalesida. Gå til kartet med alle avtalar for geografistudentar.

Erasmus+ 

  • Du reiser på instituttet sine Erasmus-avtalar med geografimiljø i Europa
  • Du mottar Erasmus-stipend i tillegg til vanleg lån/stipend frå Lånekassen
  • Du betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet
  • Du registrerer deg og betaler semesteravgift ved UiB

Nordplus

  • Du vil reise til universitet i Norden som instituttet ikkje har Erasmusavtale med
  • Kontakt utveksling@uib.no eller telefon 55 58 21 40 dersom du har spørsmål om utveksling innan Nordlysnettverket

Bilaterale avtalar

  • Utvekslingsavtalar med universitet utanfor Europa
  • Gjeld for alle UiB-studentar
  • Ofte fritt emneval
  • Det kan vere skulepengar (les på avtalesida)
  • Lånekassen gir ekstra støtte til skulepengar