Hjem
Institutt for geografi
Utveksling

Utveksling for geografistudentar

Har du lyst til å studere deler av graden din i utlandet? Institutt for geografi og UiB har mange utvekslingsavtalar med universitet over heile verda.

Gunhild Laxaa på landskamp i Ghana.
Foto/ill.:
Gunnhild Laxaa

Hovedinnhold

Eit utvekslingsopphald er ei fagleg og personleg reise som gir positive erfaringar du tar med deg vidare i utdanning og arbeidsliv. 

Inspirasjon

Før du bestemmer deg for kvar du vil reise, les gjerne rapportar og helsingar frå studentar som har reist før. Her finn du inspirasjon, informasjon og gode tips:

Utvekslingsavtalar

Her finn du oversikt over alle avtalar du kan søke på. Du kan reise på instituttet eller fakultetet sine Erasmusavtalar i Europa eller på UiB sine bilaterale avtalar utanfor Europa. På oversiktkartet kan du klikke deg inn på den avtalen du vil vite meir om. Her finn du søkekode og lenke til avtalesida. Gå til kartet med alle avtalar for geografistudentar.

Du kan også søke i databasen over alle utvekslingsavtalar ved UiB

Søknadsprosessen

Når du har funne ut kvar du har lyst til å dra, er du klar til å søke. Første steg er å søke til UiB om å få reise på ein av avtalane.

Praksisopphald i Europa

Det er også mogleg å reisa på praksisopphald i Europa med stipend frå Erasmus+. På geografiprogramma har vi ikkje praksis som del av graden, men du kan reise på praksisopphald etter fullført grad. Du må ha avtalt dette før du fullfører graden og ha poststudierett ved UiB når du er ute. Ta kontakt med studieveileder.