Ragnhild Overå som veileder
Professor Ragnhild Overå rettleiar masteroppgåver i samfunnsgeografi.
Hovedinnhold
Fagleg interessefelt
Eg forskar på tema som kjønn, entreprenørskap, uformell økonomi, matsikkerheit, matsystem, fiskeri, landkonflikter, oljeindustri, naturressursforvalting, politisk økologi, migrasjon og berekraftig utvikling.
Masteroppgåva eg sjølv skreiv for mange år sidan handla om den viktige rolla kvinner spelar i Ghana sitt kystfiske, som fiskehandlarar men også gjennom å gi lån til fiskarar eller bli båteigarar sjølve. Masterprosjektet vart utgangspunkt for å vidareutvikle forskingsidéar om ulike sosiale, økonomiske og miljømessige problemstillingar i Ghana og i det sørlege og austlege Afrika (Zambia, Uganda, Tanzania, Kenya og Sør-Afrika). Her kan du sjå nærare på kva eg forskar på no for tida.
Eg likar å diskutere og utvikle studentane sine eigne idéar og har rettleia masterprosjekt innanfor mange tema og område: Oversikt over oppgåver rettleia av Ragnhild Overå.
Forslag til tema for nye masterprosjekt
Eg kan rettleie på fleire tema, inkludert...
- Korleis påverkar satsinga på ‘blå økonomi’ (ressursutvinning og industriutvikling i havet og kystsona) lokale kystsamfunn?
- Kjønnsbarrierer i fiskeri og/eller naturressursforvaltning.
- Informalitet og inkluderande byutvikling.
… men i år vil eg oppfordre deg til å vurdere å knyte masterprosjektet ditt til eitt av to nye forskingsprosjekt: 1) Reimagining Food Systems for Climate Change Adaptation, Mitigation, and Social Justice. 2) Small fish for food and nutrition security in Africa (SmallFish4Food). Prosjekta er finansierte av Noregs forskingsråd, og vi kan tilby støtte til feltarbeid i Afrika. Her er meir informasjon om forskinga vi byggjer vidare på: https://smallfishfood.org/
Nokre idear til relevante tema for masterprosjekt:
- Lokal kunnskap i strategiar for klimatilpassing i kystsamfunn.
- Svinn og tap i verdikjeder for småfisk.
- Forsyning av ved til fiskerøyking og miljøpåverknad.
- Korleis påverkar veksten i fiskeoppdrett utnyttinga av småfisk til fiskefôr eller menneskemat?
- Haldningar og preferansar angåande oppdrettsfisk og villfisk i urbane område
- Regional fiskehandel i Afrika og matsikkerheit
Kontakt
Om du vil diskutere dine idé(ar) til masterprosjekt kan du skrive ein e-post (ragnhild.overa@uib.no), så avtalar vi eit tidspunkt.