Hjem
Institutt for geografi
Feltkurs

Kartlegging av eit fjordlandskap

Korleis blir landformer danna og kva prosessar ligg til grunn? I heile vår har nye geografistudentar lært om dette i forelesningssalane på UiB.

Gruppefoto av gjengen på naturgeografisk feltkurs våren 2013.
Gruppefoto av gjengen på naturgeografisk feltkurs våren 2013.
Foto/ill.:
Pål Ringkjøb Nielsen

Hovedinnhold

I mai var tida inne for å studera fjordlandskapet på nært hald i Eidfjord. I samband med emnet GEO111 Landformdannande prosessar hadde emneansvarleg Rannveig Øvrevik Skoglund og stipendiatane Pål Ringkjøb Nielsen, Henrik Løseth Jansen og Benjamin Robson med seg 51 studentar på feltkurset til Eidfjord.

Busstransporten frå Museplass til Liseth har innbakte ekskursjonsstopp på vegen. Fjord- og dallandskap og karstformer er tema for dagen. På siste stopp ved Vøringsfossen vert breane og vatnet si gravande evne tydeleg.

 

Gruppearbeid i friluft

Vel framme på Liseth pensjonat og hytter, er det også tid for ei kveldsøkt om den geologiske historia i regionen og utviklinga av storlandskapet, før studentane blir inndelt i grupper og får tildelt kvar sine feltområde.

- Gruppene skal kartlegga, skildra og forklara danninga av landformene i feltområdet sitt. Dei skal få fram dei geomorfologiske prosessane og formene knytt til desse. Vi jobbar både med dei prosessane som er aktive i dag og dei som verka under isavsmeltinga for om lag 11 000 år sidan, seier emneansvarleg Rannveig Øvrevik Skoglund.

Dag to blir gruppene plassert i felt. Hæreid, Lægreid, Simadalen, Hjølmodalen, Måbødalen og Erdal får igjen besøk av nysgjerrige geografistudentar på jakt etter forklaringar på landformene. På kveldstid jobbar studentane i gruppene, går gjennom dagens observasjonar og legg plan for neste dag i felt.

Siste dag får alle gruppene presentera kva dei har gjort i løpet av veka. Studentane viser fram ferdig fargelagde kart og ei utviklingshistorie for kvart område vert presentert.

- Slik får vi moglegheit til å samanlikna landformer i dei ulike områda og å diskutera om tolkingane held når vi får kjennskap til eit større område. Tilbake i Bergen etter etter feltkurset har studentane ei veke på seg til å skriva ferdig feltrapportane som skal leverast og vurderast, fortel Rannveig Øvrevik Skoglund.

 

Lang tradisjon

Årets studentar på GEO111 er ikkje dei første som har studert landformene i Eidfjord på nært hald. Institutt for geografi ved UiB har arrangert naturgeografisk feltkurs til Eidfjord i over 40 år. Jan R. Sulebak starta opp feltkurset i 1972. Det er altså ikkje få geografistudentar som har grubla over landskapet her og fått ei ny forståing for landformer gjennom naturgeografisk feltkurs i Eidfjord.

- Eidfjord er veldig godt eigna til denne type feltkurs. Her er mange aktive prosessar og tydelege spor etter siste isavsmelting, seier instituttleiar Svein Olaf Dahl.