Hydrogen i Horisont Europa - og på vestlandet
Workshopen har som målsetting å informere om og mobilisere til fleire søknader frå aktørar på vestlandet til Horisont Europa med hydrogen som tematikk. I tillegg vil ein sjå på om samarbeidet på Vestlandet rundt heile verdikjeden i hydrogen kan styrkast ved å få på plass ein "Hydrogen Valley". Workshopen vert arrangert av 3 ulike EU-nettverk (Ocean of Opportunities, Horisont Rogaland og Horisont Vestland), det er 5 ulike industriklynger involvert (GCE Ocean Technology, Energy Transition Norway, Maritime Cleantech, Norwegian Offshore Wind og Ocean Hyway Cluster) i tillegg til Vestlandsrådet og Energiomstilling Vest. Workshopen er gratis.
Hovedinnhold
Workshopen er i Universitetsaulaen, og har ikkje deltakaravgift
PROGRAM
Del 1 Overordna om hydrogen i Horisont Europa og på vestlandet
10.00 Velkommen
10.05 Hydrogen og Europa (Marianne Haavardsholm Aandahl, NFR)
10.35 Presentasjon HyValue (Jonas Solbakken, NORCE)
10.50 Presentasjon HySchool (Merry Ho, UiB)
11.00 Pause
Kva skjer på hydrogen-området på vestlandet i dag?
11.10 - Interactive map of Infrastructure of hydrogen-based fuels in Norway.
Database of suppliers (Celine Solstad, Ocean Hyway Cluster)
11.30 - Coldspark-prosjektet og Risavika Hydrogen Hub (Terje Hauan, Seid AS)
11.45 - Robinson-prosjektet og hydrogenprosjekt i Egersund
(Arild Johnsen, Dalane Energi)
12.00 - Holmaneset-prosjektet i Bremanger (Thor Magnus Rovik,
Fortescue Future Industries Norway)
12.15 - Hydra-prosjektet til Norled (Jan Norbeck, Maritime Cleantech)
12.30 Eventuelle kommentarar og innspel frå industriklyngene
- GCE Ocean Technology (Karianne Kojen Andersen)
- Energy Transition Norway (Kristoffer Moldekleiv)
- Maritime Cleantech (Jan Norbeck)
- Norwegian Offshore Wind (Chris Harmann)
- Ocean Hyway Cluster (Celine Solstad)
Lunsj 12.40 – 13.30
Del 2 Hydrogen Valley
13.30 Presentasjon av Heavenn Hydrogen Valley (Nederland – Geerte de Jong)
14.00 Presentasjon av kva Vestlandsrådet sin næringsstrategi seier om hydrogen (Iver Jan Leren)
14.15 Paneldebatt: Kva skal til for å få til ein «Hydrogen Valley/Coast» på Vestlandet?
Panel: Arild Johnsen (Dalane Energi), Knut Førland (Hyds AS),
Hans Kleivdal (NORCE), Sølve Sondbø (Vestland Fylkeskommune)
15.00 Slutt