Hjem
Institutt for informatikk
Studiehjelp

InformatikkOrakel

Er du bachelorstudent som lurar på noko innen informatikkfaget? Ta ein vaffel med InformatikkOrakel!

Hovedinnhold

På Institutt for informatikk har vi eit prosjekt gåande for bachelorstudentar som ynskjer ein fagleg og sosial arena for informatikkfaget. I InformatikkOrakel skal dyktige orakel frå ulike studieretninger kunne svare på spørsmål som dukkar opp frå fag og innleveringar studentane har.

Våren 2025 er orakla er tilgjengelege ved to anledningar kvar veke:
onsdag og torsdag klokka 14.15–16.00 (med vaflar på torsdagar)

I tillegg til det faglege skal InformatikkOrakel også vere ein sosial stad der ein kan styrke samhaldet på tvers av dei ulike studia på instituttet. Vi ynskjer at dette skal vere eit lågterskeltilbod for studentar på deira eigen arena, ein stad det er lett å be om støtte.

Orakla er August Tidemann Klevberg, Fie Røkke Bergli, Karolina Gil, Kristian Elde Johansen, Mille Caroline Høeg, Olav Eikanger, Preben Johnsen Bentdal og Stian Munkejord; åtte studentar frå ulike studieretningar, som skal dekke breidda innan faga på instituttet.

Tilbodet er tiltenkt studentar på Institutt for informatikk, i tillegg er studentar ved Kognitiv vitskap og Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) som tek fag på instituttet velkomne til å bli med.