Hjem
Det juridiske fakultet

Veiledning på ph.d.-nivå

På denne siden har vi samlet informasjon om veilederseminarer og -samlinger ved Det juridiske fakultet.

En ph.d.-kandidat får veiledning av en forsker
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Veilederopplæring

Ved Det juridiske fakultet ønsker vi å gi alle som veileder på ph.d.-nivå, både erfarne veiledere og ansatte med ph.d.-kompetanse som enda ikke har veiledet, et forum for erfaringsutveksling og kompetanseheving. Om lag hvert semester inviteres veiledere og potensielle veiledere til en samling. Samlingen vil være en blanding av mindre og uformelle lunsjsamlinger uten klar agenda, og seminarer som kan gå over fler dager. 

Å prioritere veilederopplæring er også et ledd i Universitetet i Bergens handlingsplan for forskerutdanning. 

Forskningsdekanen har satt ned en gruppe som skal arbeide for et kontinuerlig og helhetlig tilbud til veiledere. Gruppen består av professor og prodekan Ragna Aarli, professor Jørn Jacobsen, professor Eivind Kolflaath, førsteamanuensis Maria Vea Lund og rådgiver Karoline Aksnes. Det er også blitt utviklet retningslinjer for hva som ved Det juridiske fakultet anses som god veilederpraksis. 

God veilederpraksis ved Det juridiske fakultet

1. Ansvaret for gjennomføring av prosjektet ligg på ph.d.-kandidaten. Som rettleiar har du særleg som rolle å støtte kandidaten i arbeidet sitt, fungere som diskusjonspartnar, gje råd om prosjektet sitt innhald og måtar å arbeide med det. Samstundes skal ein som rettleiar spegle fakultetet og fagfellesskapen sine faglege forventingar til arbeidet og opptre på vegne av fakultetet som ansvarleg institusjon for ph.d.-utdanninga.

2. Etabler tidleg kontakt med kandidaten. Rettleiar skal ta initiativ til eit møte så snart kandidaten er teke opp på programmet. Det er tenleg at ein har prata saman før oppstartssamtalen med fakultetet si leiing. Samarbeidsmåtar og forventingar bør avklarast og vere utgangspunkt for den vidare rettleiinga. Ein bør òg snakke om gjennomføring av forskarutdanning og eventuell undervisingsplikt. Er der fleire rettleiarar, bør ein òg opprette kontakt med denne og få etablert ein god samarbeidsmåte mellom dei involverte.

3. Gje kandidaten tid, men òg ansvar for å få prosjektet i gang. Eit godt råd i den samanhengen kan vere at kandidaten går attende til prosjektskissa for å utvikle denne. Samstundes bør ein tidleg snakke med kandidaten om både potensiale i prosjektet og om risiko ved det og gjennomføringa av det. Aktualiserer prosjektet forskingsetiske problemstillingar, vil desse vere særleg viktig å drøfte.

4. Kandidaten bør få rom for å finne si eiga stemme og faglege orientering. Ei for sterk rettleiarstemme, særleg i tidlege fasar, kan lett hemme sjølvstendet til kandidaten.

5. Hald deg orientert om kandidaten si utvikling. Om kandidaten har utfordringar med å drive prosjektet framover, kan det vere grunn til å ta det opp med kandidaten, til dømes ved å snakke om utfordringa, justere problemstillinga eller opne nye metodiske perspektiv på den. Særleg er det ofte føremålstenleg å involvere seg i aktivitetsnivået til kandidaten og gje råd om aktivitetar som kan vere tenleg å prioritere. Dersom omfattande reiseverksemd går ut over nødvendig materialinnsamling eller om kandidaten har for mange andre aktivitetar som tek merksemd vekk frå avhandlingsarbeidet, bør det påpeikast.

6. Ver ein god akademisk rollemodell. Overfor kandidaten er det viktig å halde avtalar og på anna vis opprette eit godt forhold. Ha respekt for at ein kan vere fagleg og personleg ulike. Gje kritikk, men gjer det på ein konstruktiv måte. Del gjerne erfaringar om motgang der kandidaten kan ha godt av det. Ver medviten om rollene de har og unngå å verte for nært involvert med kandidaten. Vert relasjonen for nær, er det tenleg å ta det opp med forskingsdekanen.

7. Stimuler kandidaten til å skrive. Det er viktig at kandidaten får erfaring med å skrive og møte den motstanden som det ofte inneberer. Sjølv om kandidaten til dømes må gjere omfattande materialinnsamling, kan produksjon av små tekstbitar i same periode vere føremålstenleg for å få denne erfaringa. Særleg i tilfelle der prosjektskissa viser svakheiter som tekst, er det lurt å få i gang trening med tekstproduksjon.

8. Bidra til kandidaten si integrering på fakultetet og i anna relevant fagmiljø. Særleg i tilknyting til tilsetting bør ein ha kontakt med forskargruppeleiar om nytt medlem i gruppa og måtar å integrerer vedkommande på der.

9. Ha prosjektframlegging, og særleg midtvegsevalueringa, tidleg i tankane. Midtvegsevaluering er eit godt høve til å få testa ut og få konstruktive tilbakemeldingar på krevjande delar av prosjektet. Å få fullt utbytte av denne evalueringa krev likevel planlegging og god tekstproduksjon, noko rettleiar bør gjere kandidaten medviten om. Rettleiar skal ta initiativ til å diskutere tekst til midtvegsevalueringa seinast når det er seks månader att til evalueringa skal haldast.

10. Det er ofte nyttig å få diskutert generelle trekk ved rettleiarrolla med kollegaer. Er ein usikker på kandidaten sin progresjon eller personlege situasjon, bør ein vende seg til forskingsdekanen.

11. Der samspelet mellom kandidaten og rettleiar vert krevjande, har rettleiaren eit særleg ansvar å søkje å få dialogen inn på eit konstruktivt spor. Dersom det utviklar seg til ein konflikt må rettleiaren ta kontakt med leiinga for å få løyst konflikten i tråd med institusjonen sitt regelverk. Om nødvendig, søk hjelp hjå forskingsdekan, leiar for ph.d.-programmet eller dekan.