Velkommen til bokslepp i Bergen!
Boka «EØS-lovgivningen. Fra EU-rett til EØS-rett til norsk rett», skrive av Torje Sunde, Jon Lunde og Ida Sørebø, tettar eit hol i norsk EØS-rettslitteratur, særleg retta mot norsk forvaltning. Boka skildrar utfyllande stega ein rettsakt går gjennom frå EU til den gjennom EØS-avtala vert gjort til del av norsk rett. Dette inkluderer også ei innføring i EØS-avtalas rettslege natur og struktur, i tillegg til kva slags sikringsmekanismar som finst når desse rettsaktsprosedyrane ikkje lukkast.
Hovedinnhold
Til seminaret kjem to av forfattarane for å halde innlegg om tema boka tek opp. Innlegga vert etterfølgd av ein paneldebatt om forskarar og undervisarar i rettsvitskap sitt møte med EØS-relevant juss.
- Torje Sunde er partner i Wikborg Rein
- Ida Sørebø er avdelingsdirektør i Lovavdelingen, i avdelinga som har ansvar for EØS-rett, statsrett og forvaltningsrett.
Program:
- Velkomst og presentasjon av boka «EØS-lovgivningen. Fra EU-rett til EØS-rett til norsk rett», ved Centenols Ingrid Barlund og Halvard Haukeland Fredriksen.
- Korleis skal ein som forskar og undervisar handtere den store mengda rettsakter som kjem frå EU?, ved Ida Sørebø.
- Metodiske utfordringar i møte med EØS-retten, ved Torje Sunde
- Paneldiskusjon: Kva kan det vere nyttig for ein forskar og undervisar i EØS-relevant juss å vite om rettskjeldeprosedyrane innanfor EØS-samarbeidet? Deltakarar: Ida Sørebø, Torje Sunde, Jon Lunde, Christian Franklin og Johan Giertsen. Moderator Ingrid Barlund
Det vert servert forfriskingar. Bindande påmelding.
Boklanseringa blir streamet, for å delta digitalt bruk lenka under:
https://uib.zoom.us/j/64809510327?pwd=ekRkQjZaN1JFQlRveWVRUkx2bDZ6UT09
Meeting ID: 648 0951 0327
Password: 5eGJe3sE