Hjem
Det juridiske fakultet
Arrangement

Jussens rolle ved løysing av interessekonflikter på kyst og hav, før og no

I kor stor grad bør ein detaljstyre havet? På kva for tidspunkt, og kven har ansvaret? Vi inviterer til samtale og diskusjon på Litteraturhuset.

Helleristning med Hornelen i bakgrunnen
Sakskomplekset i Vingen, Bremanger, er tema for paneldebatten på Litteraturhuset.
Foto/ill.:
Odd Vegard Kandal-Wright

Hovedinnhold

Arealkonfliktane i kyst og havområdet har endra seg mykje frå 1800-talet og fram til i dag, og det har også jussen si rolle for regelutforming og konfliktløysing. Men i kor stor grad bør ein detaljstyre havet? På kva for tidspunkt, og kven har ansvaret? Kva har staten og kva har kommunen ansvaret for? Sakskomplekset i Vingen, Bremanger, er tema for paneldebatt. 

Del 1 – Samfunns og rettsutvikling:

  • Professor Sören Koch: Innleiar.
  • Professor Ernst Nordtveit: Rettsutviklinga i kyst og sjø, og m.a. utvikling av konsesjon- og kvotesystem
  • Professor Sigrid Eskeland Schütz: Utvikling av havforvaltningsplanar.

Del 2 – Paneldebatt om Vingensaka

Helleristningsfeltet Vingen er eit av Nord-Europas største felt med bergkunst, der den eldste kunsten er 6000 år gammal. Regjeringa sa fyrst ja, men etter massivt press gjorde kommunestyret i Bremanger retrett og sa nei til ei planlagd utskipingshamn for pukkstein i landskapsvernområdet rundt feltet. Trond Lødøen, førsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergen, presenterer Vingensaka. Deretter blir det debatt der vi spør: Er noko viktigare enn anna i arealplanlegging, eller bør det vere fritt fram for kommunane til å utvikle ny industri i område med viktig natur- og kulturminne (helleristingar)? Kven har det avgjerande ordet ved konflikt?

I panelet:

  • Inger Måren, professor ved Institutt for biovitenskap, UiB
  • Siv Elén Vedvik, postdoktor ved Det juridiske fakultet
  • Bo Alexander Granbo, fortidsminneforeningen
  • Solveig Renslo, arealplanleggar, Multiconsult

Ingunn Elise Myklebust er ordstyrar.