Hjem
Det juridiske fakultet

Jusstudent i rettssak i Sør-Afrika

- Viss nokon hadde fortalt meg i haust at eg skulle delta i finalen i ein prosedyrekonkurranse i Sør-Afrika, hadde eg aldri trudd dei, ler Sunniva Schultze-Florey.

Sunniva Schultze-Florey i den tyske Bundestagen.
Foto/ill.:
Det juridiske fakultet, UiB

Hovedinnhold

– Det heile kom i stand veldig tilfeldig, fortel Sunniva på telefon frå Berlin. Ho drog dit som Erasmus-student i oktober, og gjekk innom internasjonalt kontor ved universitetet der ho skulle studere. Der blei ho oppmerksom på ein plakat. Prosedyrekonkurranse. Menneskerettar. Sør-Afrika.

Her er det berre å gripe dei moglegheitene ein får, tenkte Sunniva, som vanlegvis studerer jus ved UiB. Dette ville ho prøve seg på! Men så var det berre det, at ho måtte ha med seg ein på laget. Ho kjende jo ingen, så ho sende like godt ein e-post til alle studentane ved universitetet, og fekk svar frå tyske Christine.

– Det er i grunn ganske utruleg – det viste seg at Christine har vore på utveksling ved juridisk fakultet i Bergen og tatt fag om menneskerettar der, fortel Sunniva. 

Saman skal dei representere Freie Universität Berlin i Sør-Afrika 9. desember, som eit av ti lag på verdsbasis.


Diskriminering som tema

Ein prosedyrekonkurranse er ein konkurranse for jusstudentar, der ein skal simulere ei rettssak over eit oppgitt faktum. I denne aktuelle saka kranglar to naboland om ein region som forsøkjer å lausrive seg. Med støtte frå den eine staten utfører den etniske majoriteten overgrep mot minoriteten, og familiar blir kasta ut frå heimane sine. Ein menneskerettsorganisasjon saksøkjer staten på vegne av folket som blir diskriminert.

– I den skriftlege oppgåva som ligg til grunn for finaleplassen, skulle vi representere begge partane i saka, forklarar Sunniva. Vi skreiv ei stemning for saksøkjar og ei for den saksøkte staten. Det var eit veldig engasjerande arbeid, der vi prøvde å kome opp med dei beste argumenta på begge sider.


Prestisjefullt panel

I Sør-Afrika vil alt gå munnleg føre seg i ein rettssal. I finalen møter dei eit lag frå Sveits, men får ikkje vite i forkant kva side dei skal representere. Dei veit heller ikkje kva den andre parten argumenterar med – så her må mykje takast på sparket. Faktum må kunnast på rams og argumenta må sitje laust.

– Det mest fantastiske av alt er at FNs høgkommisær for menneskerettar er ein av dommarane, utbryt Sunniva. Tenk å få møte FNs høgkommisær – det er jo heilt utruleg! Kven er det eigentleg som får treffe slike menneske? Og vi skal i tillegg prosedere for ho! Eg kjenner meg så heldig som får denne moglegheita, jublar ho. Og ganske flink, må ho innrømme.


Harde førebuingar

Sunniva drøymer om saka om natta og har hatt mareritt der ho står framfor høgkommisæren utan å komme på eit ord å seie.

– Vi reiser ned nokre dagar i forkant for å førebu oss til konkurransen og akklimatisere oss. Eigentleg har eg ikkje tid, dette kjem jo på toppen av det ordinære skulearbeidet. No om dagen skulle eg ha skreve oppgåve om europeisk kontraktsrett. Men det spelar verkeleg inga rolle, seier ho, det er ikkje akkurat studiepoenga som tel i denne samanhengen.


Engasjement for saka

Når Sunniva forsøkjer å forklare kvifor dei vart plukka ut til finalen, seier ho at dei berre har brukt det dei har lært om menneskerettar, og tydelegvis brukt kunnskapen på ein fornuftig måte. Og så har dei begge eit stort engasjement for feltet.

– I denne saka er vi sjølvsagt er på saksøkjarsida, engasjementet vårt ligg i å forsvare enkeltmenneske mot overgrep.

Sunniva vil gjerne takke professor Jørgen Aall ved Det juridiske fakultet i Bergen for undervisninga han gav i faget menneskerettar, og for samtalen dei hadde under oppstarten av arbeidet med denne saka. 

– Det heile kjennest framleis ganske uverkeleg, dette er ein kjempesjanse for oss, uansett korleis det går, seier Sunniva. Målsetjinga vår er sjølvsagt å vinne!

10. desember kvart år feirar vi Verdserklæringa om menneskerettar som blei vedteken av FNs Generalforsamling i 1948.

I samarbeid med høgkomissæren for menneskerettar arrangerer Universitetet i Petroria verdas første prosedyrekonkurranse i menneskerettar i samband med denne feiringa.

To lag frå kvar av dei fem FN-regionane har fått finaleplass, basert på argumenta deira, vurdert av eit ekspertpanel. Dei andre finalelaga kjem frå Kamerun, Egypt, Ungarn, Ukraina, India, Mexico og Brasil.

Les meir om prosedyrekonkurransen i Sør-Afrika