Hjem
Det juridiske fakultet
News

Lærte EU-rett gjennom studentkonkurranse

Eit semester på utveksling i Uppsala sendte femteårsstudent Maria Husebye til Brussel for å delta i ein internasjonal prosedyrekonkurranse. ‒ Eg har lært utruleg mykje, seier ho.

Maria Husebye fotografert i rettssalen der ho prosederte.
Maria Husebye i rettssalen der ho prosederte.
Foto/ill.:
Privat

Hovedinnhold

Tekst: Kjerstin Gjengedal

Den prestisjetunge European Law Moot Court Competition er ein prosedyrekonkurranse for jusstudentar med interesse for EU-rett. Laga som deltek, må først levere skriftlege argument i ei fiktiv rettssak. Dei beste laga går vidare til regionale finalar, før fire lag til sist møtest i den all-europeiske finalen. Laget til Husebye var eitt av tolv lag som deltok i den siste av dei fire regionale finalane, som gjekk av stabelen første mars.


Poeng for språk og retorikk

‒ Prosedyrane gjekk føre seg i Palais de Justice i Brussel. Då eg kom dit og såg den store, gamle bygningen, tenkte eg: «Himmel og hav!» Eg var veldig nervøs, men eg følte likevel at det gjekk bra. Dommarane stilte vanskelege spørsmål, men eg tykte eg greidde å svare så nokolunde. Doktorgradsstipendiaten som var coach for laget vårt, var der og høyrde på, og han tykte òg det gjekk bra. Men vi kom ikkje vidare til finalen, det var det eit lag frå Aix-en-Provence som gjorde, seier ho.

Deltakarane får poeng for meistring av framandspråk, for fagleg kompetanse og for framføring. Husebye hadde trent på å framføre prosedyren sin, men meiner at framføring i retten fortener større merksemd på studiet.

‒ Det vart fokusert ein del på retorikk i løpet av semesteret mitt i Uppsala, men det er lite av det i Noreg. Eg skulle gjerne ha øvd meir på det. Korleis ein snakkar og kva kroppsspråk ein bruker er jo ein viktig del av heilskapen når ein skal leggje fram argumenta sine for retten, og dersom dommaren held på å sovne, er det eins eigen feil, ikkje dommaren sin, illustrerer ho.

Semesteret i Sverige skulle eigentleg vere ein kjekk avveksling mot slutten av studiet, men enda med å bli svært arbeidskrevjande. Husebye tok emnet «EU commercial law and litigation», der deltaking i denne konkurransen er ein del av undervisingsopplegget. For første gong gjekk to lag frå Uppsala vidare frå dei skriftlege rundane.

‒ Då beskjeden kom om at laget vårt hadde gått vidare, var eg heime i Noreg att. Eg sat og prøvde å førebu meg så godt eg kunne på eiga hand medan dei andre på laget samarbeidde i Uppsala. Av den grunn fekk eg rolla som EU-kommisjonens representant. Det er ei litt meir sjølvstendig rolle som det var lettare å førebu seg til åleine, fortel ho.


Fekk kræsjkurs i konkurranserett

Rettssaka gjaldt ein konflikt mellom ein fiktiv EU-medlemsstat og EU-kommisjonen, og hadde fokus på konkurranserett. Sakspapira skildra korleis saka allereie hadde vore gjennom ein runde i det nasjonale rettsystemet før ho vart løfta opp på EU-nivå. Husebye hadde lite erfaring med EU-rett og konkurranserett frå før, så arbeidet med saka gav henne eit kræsjkurs.

Men tilhøvet mellom EU og medlemslanda er jo noko som Noreg også blir påverka av, gjennom EØS. Skal ein arbeide for det offentlege, vil ein møte dei pliktene Noreg har i høve til EU, gjennom direktiv og liknande. Så det er nyttig å vite litt om dette, meiner ho.

Ho valde emnet delvis for å utfordre seg sjølv på område der ho kjende ho trong meir trening, som munnleg framføring og engelsk juridisk terminologi, og tykkjer ho har fått stort utbyte av å vere med. Universitet frå mange land deltok i konkurransen, og den regionale finalen i Brussel vart avslutta med gallamiddag som inkluderte ein obligatorisk «Eurovision Song Contest». Som einaste nordmann, måtte Husebye fram på scena og syngje ein song på norsk.

Det vart «Jeg gikk en tur på stien». Kort og konsist, ler ho.

Om ho vil orientere seg mot EU-rett i framtida, har ho ikkje avgjort enno. Først skal masteroppgåva leverast i juni.