Hjem
UiB læringslab
LABFROKOST - ÅPENT ARRANGEMENT

Universell utforming av digitale verktøy

Bilde som viser UiB Universell-logoen sammen med ikoner med tilgjengelighetstema
Foto/ill.:
Kristoffer Eik / UiB Universell

Hovedinnhold

Dei fleste tenester og program som me bruker dagleg vert stadig meir digitalisert. Dette stiller krav til utforminga av slike løysingar slik at flest mogeleg er i stand til å bruke desse og slik delta aktivt og sjølvstendig i samfunnet. Digital kompetanse og universell utforming er ei forutsetning for digital deltaking. Digital deltaking krev kunnskap og oppfølging av både dei som bruker og dei som tilbyr digitale tenester.

Innleiarar

Frå UiB Universell kjem Ellen Lien og Simon Hestenes Eika med både ei teoretisk og praktisk tilnærming til Universell utforming ved UiB. Generelt: Kva betyr kravet om Universell utforming for både administrativt og vitskapeleg tilsette? Praktisk: Korleis lage universelt utforma Word-dokument, PDF, Powerpoint eller sider i Mitt UiB?
André Giæver Kvalvågnes frå produksjon ved UiB Læringslab skal konkret ta for seg teksting av video.

Onsdag 29. mars, 09:00 - 10:00

  • 09:00 – 09:45: Innleiingar v/ Ellen Lien, Simon Hestenes Eika og André Giæver Kvalvågnes
  • 09:45 – 10:00: Spørsmål, svar og diskusjon

Arrangementet er no tilgjengeleg i opptak

Om påmelding
Når du melder deg på, får du ein e-post med Zoom-lenke til arrangementet. Me anbefaler at du registrerer deg seinast 15 minutt før møtet startar.

Vel møtt!