Allmenn litteraturvitskap: Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysingstida/romantikken
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ALLV112
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet består av ei rekke litterære hovudverk og eit utval sentrale tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk) frå mellomalder/renessanse til opplysningstida/romantikken.
Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet. ALLV112 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar i den eldre litteraturen frå mellomalderen/renessansen til opplysningstida/romantikken
- god kjennskap til teoretiske problemfelt i den eldre litteraturen
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- på eit grunnleggjande nivå fortolke og samanlikne viktige verk og forfattarar i litteraturen frå mellomalderen/renessansen til opplysningstida/romantikken
- gjere greie for kjenneteikn ved litteraturteori og estetikk i tida frå mellomalderen/renessansen til opplysningstida/romantikken
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
- leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon, og dessutan praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er åtte til tolv undervisningstimar og to kollokvietimar per veke i siste halvdel av vårsemesteret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg semesteroppgåve på ca. 3500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.