Arkeologisk praksis: praksisprosjekt
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- ARK205
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/engelsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet er ei utdjuping av eit sjølvald praktisk tema, som kan knyttas til bacheloroppgåva. I dette spesialemnet skal studenten skrive ein kort rapport om eit rettleia forskingsprosjekt eller ei praktisk erfaring (utgraving, internship/hospitering eller liknande) studenten har organisert sjølv.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har nødvendige kunnskapar innan aktiviteten som er vald
Ferdigheitar
Studenten
- kan organisere eiga deltaking i ein praktisk aktivitet
- kan oppsummera sine funn i ein strukturert vitskapleg rapport
Generell kompetanse
Studenten
- kan utvide praktiske- og forskingsferdigheitar, og nytte denne innsikta i utarbeiding av ein rapport.
Studiepoeng, omfang
5
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår/haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Studenten har fullført alle emna på 100-nivå i i ein spesialisering arkeologi.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle som er tekne opp på bachelorprogrammet i arkeologi ved AHKR. Emnet er valfritt.
Arbeids- og undervisningsformer
Individuell rettleiing omkring tema og gjennomføring, inntil 2 timer.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta i rettleiing.
Obligatorisk aktivitet er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen består av ei oppgåve på om lag 1500 ord. Oppgåva skal ha form som ein vitskapleg rapport.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk og/eller engelsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd
Vurderingssemester
Vår/haust
Litteraturliste
Litteraturlista er på om lag 500 sider. Litteraturlista for våren skal vere klar innan 1. desember.
Emneevaluering
Undervisninga vert jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av emnet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap