Bacheloroppgåve i arkeologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å øve studentane med å arbeida med arkeologiske problemstillingar med integrert bruk av teori og metode.

Sjå temaomtale her:

www.uib.no/fag/arkeologi/118124/temaomtale-ark250

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap Kjennskap til og innsikt i eit avgrensa emne innan arkeologifaget, og røynsle med å arbeide sjølvstendig ut frå arkeologiske problemstillingar.

Ferdigheiter Røynsle i å arbeide sjølvstendig med arkeologiske problemstillingar: formulere problem, avgrense stoff, finne fram relevant litteratur og diskutere og vurdere litteratur i høve til oppsette problemstillingar og relevante metodiske og teoretiske perspektiv.

Generell kompetanse Røynsle med å arbeide sjølvstendig med akademiske tekstar.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå.

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Alle emna på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av introduksjonsforelesning, biblioteksinnføring, oppgåveseminar, sjølvstendig forsking og rettleiing.

Vi oppmodar studentane til å delta i all undervisning. Dette vil styrke deira arbeid med bacheloroppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Prosjektskisse:

Studentane skal levere inn ei prosjektskildring før oppgåveseminaret. Frist for innlevering av prosjektskildring vert kunngjort på MittUiB.

  • Levere inn eit innleiande kapittel av oppgåva:

Frist vert kunngjort i introduksjonsforelesninga.

  • Rettleiing

Studenten skal delta på minst eitt rettleiingsmøte og eit avsnitt frå bacheloroppgåva med innleveringsfrist oppgitt i introduksjonsforelesinga.

Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester. Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Studentane skal skriva ei semesteroppgåve på om lag 6000 ord, med individuell rettleiing. Tema for oppgåva blir valt av studenten i samråd med rettleiar, og kan vere ei studie av ein periode og/eller eit område. Tema kan også gå på tvers av periodar eller område.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteratur er i hovudsak sjølvvalt, men i tråd med rettleiar. Denne litteraturen er grunnlaget for skriving av bacheloroppgåva og bør vere satt saman av om lag 1500 sider. Dette skal reflekterast i litteraturlista til oppgåva.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap