Biomedisinsk forskarkurs: Matrix biologi
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- BMED904
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal kandidaten kunne:
Kunnskapar
- Beskrive dei ulike komponentane som deltek i celle-matrise samspelet
- Beskrive dei underliggjande prinsipp som styrar celle-matrise samspelet
Ferdigheiter
- Forstå eksperimentelle prosedyrar som vert nytta til å studere interaksjonar mellom celler og den ekstracellulære matrise
- Bruke biokjemiske / cellebiologiske aspekt for å forstå kva rolle den ekstracellulære matrise har for normal hemostase og for utvalde kliniske problemstillingar
- Diskutere noen aktuelle nøkkelspørsmål innan celle-matrise interaksjonar
Generell kompetanse
- Demonstrere analytisk tenking ved å vurdere ein vitskapleg artikkel kritisk og foreslå mulege problemstillingar, samt utforme eigna strategiar for å svare på spørsmåla
Studiepoeng, omfang
3
Krav til forkunnskapar
Kunnskap på masternivå innan signaltransduksjon (BMED330 eller liknande).
Krav til studierett
Ph.d.-kandidatar innan naturvitskap eller medisin. Kurset er meint for ph.d.-kandidatar innan biomedisinsk forsking. Minimum antall deltakarar for at kurset skal gå er 10, maksimum antall er 25. Dersom fleire enn 25 interesserte meld seg på vil kandidatar som vert rettleia ved Institutt for biomedisin, eller er med i CCBIO forskarskulen vert prioritert.
Emneansvarleg
Marion Kusche-Gullberg
www.uib.no/personer/Marion.Kusche
www.uib.no/personer/Marion.Kusche
Utfyllande kursomtale
Obligatorisk frammøte på førelesingar og laboratorieundervisning.
Samla arbeidsmengd:
- Førelesingar og laboratoriearbeid (35 timar)
- Seminar der deltakarane presenterer utvalde artiklar (4 timar)
- Utarbeiding av eigen presentasjon (ppt-presentasjon) og diskusjon (41 timer).
Det vert forventa at deltakarane les nokre originalartiklar før kurset tek til.