Introduksjon til datavisualisering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald:

Kurset tek sikte på å introdusera studentane til det grunnleggjande om datavisualiseringsteori, design og

utvikling.

Vårt privat- og arbeidsliv er omgitt av data ¿ frå steg-teljarar og mobile vêrmeldingar til rekneark og andre informasjonskjelder som styrer avgjerder på individuelt, lokalt og globalt nivå. Datavisualisering er eit velprøvt

middel for å engasjera seg i store mengder av informasjon som er viktig i avgjerder, utforska dei og kontekstualisera dei. Mange spørsmål treng svar for å laga ei visualisering, f. eks: Kva farge skal eg bruka til denne variabelen? eller Skal eg bruka eit søyle- eller linjediagram for å finna noko? Dårlege val kan føra til visualiseringar som vil villeia, skjula eller overdriva viktige aspekt i dataet, medan gode val vil spegla dataet på ein klarare, sannferdigere måte. I dette kurset skal me introdusera grunnlaga til design og utvikling av datavisualiseringar. Kunnskap av desse byggjestein vil gjera deg i stand til å produsera visuelle datarepresentasjonar som er sannferdige og effektive, og identifisera visuelle element som er villeiande om dei underliggjande datasetta sine. Gjennom ei blanding av forelesingar, diskusjonar og praktiske aktivitetar i Python som er vennlege til nybyrjarar, skal du læra om ulike typar av data, ulike brukaroppgåver og bli introduserte til eit "grammar" av visualisering for å hjelpa deg med skapa eller demontera datavisualiseringar. Du skal også læra om korleis å

integrera rørsle og interaktivitet for å utforska og engasjera deg betre med data dine.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell

kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har forståing for dei grunnleggjande prinsippa for visualiseringsteori og -teknikkar på tvers av ulike store datadomene
  • Har kunnskap om menneskeleg grafisk persepsjon og dens relasjonar til visualiseringsdesign
  • Har oversikt over metodar for å visuelt koda og samhandla med data

Ferdigheiter

Studenten

  • Har fått praktisk erfaring med å byggja grunnleggjande visualiseringar av data for analyse og kommunikasjon
  • Kan kritisk vurdera og diskutera visualiseringar

Generell kompetanse

Studenten

  • anerkjenner og kan kritisk diskutera rolla og betydninga av visualisering i dagens samfunn
  • kan forklara konseptet «visualization literacy»

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Uregelmessig høst/vår

Undervisningsstad

UiB
Tilrådde forkunnskapar
Det kan være nyttig å ha tatt DIGI110 (fantastiske data) og/eller DIGI111 (Algoritmar og programmering)
Studiepoengsreduksjon

INF252: 2,5 studiepoeng

INF253: 2,5 studiepoeng

Krav til studierett
For opptak på emnet er det krav om studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger. Undervisning over 4 uker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

For hvert tema vil det være en obligatorisk quiz. En obligatorisk oppgåve om sentrale tematikker.

Obligatoriske quizer og aktiviteter er bare gyldig i undervisningssemesteret.

Obligatoriske aktiviteter må gjennomføres samme semester som undervisningen blir gjennomført.

Vurderingsformer

Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjend av faglærar.

Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Undervisningssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og

alle emna der.

Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for

emnet og studieprogrammet.