IKT-sikkerheit

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gje ei oversikt over omgrepa data- og datamaskintryggleik, med vekt på fundamentale tryggleikseigenskapar, sårbarheiter, truslar og mekanismar for å trygge IKT system.

Innhald:

Dei grunnleggjande:

  • tryggleikseigenskapar, verktøy og terminologi
  • brukarautentisering, metodar og prinsipp
  • Adgangskontroll, prinsipp og rolla til tilgangskontroll

Datatryggleik: Spesielt skadeleg programvare: typar, spreiing, saman med teknisk, organisatorisk og åtferdsmessige mottiltak.

Nettvekstryggleik: spesielt internett, nettverksbaserte angrep, og ei oversikt over mottiltak til nettverksbaserte angrep.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • Beskrive grunnleggande tryggleiksprinsipp- og praksis
  • Beskrive truslar mot digitale system og deira potensielle skade

Ferdigheiter

Studenten er i stand til

  • Å identifisera moglege truslar mot eit digital system
  • Identifisera mottiltak mot desse truslane

Generell kompetanse

Studenten kan delta i ein samtale om tryggleikspraksis med andre studentar

Studiepoeng, omfang

2,5 Studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor , laveregradsnivå.

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Digitalt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
2,5 studiepoeng overlapp med INF140, INF624 og DIGI112.
Krav til studierett
Oppstart på emnet krev opptak til emne via UIB Videre
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformene er organisert som nettbasert undervisning og digitale læringsressursar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurdering i emnet skjer fortløpande ved bruk av obligatorisk quiz og/eller oppgåver om sentrale tematikkar. Obligatorisk quiz og aktivitetar er berre gyldig i 1 semester (undervisningssemesteret).
Vurderingsformer
Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent av faglærar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
I undervisningssemesteret
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for computer science har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@ii.uib.no