Prakis på Senter for digitale forteljingar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- DIKULT210
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet kan førebels ikkje veljast som del av spesialiseringa i bachelorprogrammet i digital kultur, sjølv om det er øyremerka programstudentane der. Det kan inngå som del av dei frie studiepoenga i graden.
Dette kurset gir studentar høvet til a¿ vere praksisstudentar ved Senter for Digitale Forteljingar (CDN), eit Senter for Framifra¿ Forsking ved Universitetet i Bergen. Studentane vil fa¿ erfaring med a¿ arbeide som forskarar pa¿ eit prosjekt knytt til digitale forteljingar. Ved a¿ delta i eit aktivt forskarteam vil studentane kunne setje kunnskapen sin om digital kultur i bruk og utvikle forskingsferdigheiter. Praksisperioden vil ogsa¿ gi erfaring med teamwork og samarbeid i ein profesjonell setting. Kvar student vil tilhøyre ei prosjektgruppe ved CDN, og vil delta i forskingsaktivitetar som del av gruppa. Prosjektgruppa vil vanlegvis berre ha éin praksisstudent, og dei andre medlemmane vil t.d. vere stipendiatar og seniorforskarar. Forskingsmetodar vil variere etter prosjektet, og kan spenne frå kreativt utviklingsarbeid til teoretisk arbeid til analyse av forteljingar til digital humaniora. Studentar vil også delta i forskingskommunikasjon og organisering av møte. Emnet er eit godt val for studentar som vurderer ein karriere innan forsking.
Læringsutbyte
Etter a¿ ha avslutta praksisemnet skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Ha kunnskap om digitale forteljingar
- Kjenne til ei rekke metodar innan forsking og kreativ utvikling
Ferdigheiter
- Nytte fagkunnskapane studiet i digital kultur gir i ein reell arbeidssituasjon.
- Kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.
- Danne eit bilde av korleis eit forskingsmiljø organiserer arbeidet.
- Reflektere meir medvitsfullt over eigen kompetanse og drøfte bruk av fagleg kompetanse i praksis.
- Kritisk vurdere eige praksisopphald.
Generell kompetanse
- Skrive fagleg forankra tekstar basert pa¿ behovet til arbeidsgivar.
- Kommentere og gi tilbakemelding pa¿ skriftleg arbeid
- Tileigne seg profesjonsrolle.
- Planlegge og gjennomføre ein munnleg presentasjon av eit større prosjekt- eller utgreiingsarbeid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Følgjande krav til studieprogresjon og karakterar gjeld:
- Emnet er avgrensa til studentar pa¿ bachelor i digital kultur som har oppna¿dd karakteren B eller høgare i snitt pa¿ spesialiseringsemna og/eller programemna i graden.
- Normert studieprogresjon vil bli vektlagt
Det vil berre vere 1-2 praksisplassar kvart semester, avhengig av kapasitet ved CDN. Innan 15. april/15. oktober semesteret før vil CDN legge ut informasjon om aktuelle prosjekt som søker praksisstudentar på sida til bachelorprogrammet i digital kultur på MittUiB. Studentar kan då søke praksisplass ved å sende inn eit søknadsbrev og CV til studierettleiar.lle@uib.no på same måte som ein jobbsøknad.
Dei søkjarane som møter krava ovanfor, vil verte vurderte pa¿ grunnlag av søknaden og CV-en dei sender inn, og kan ogsa¿ verte vurderte gjennom jobbintervju hos praksisverksemda (CDN).
Ein kan ikkje ta emnet utan godkjend praksisplass.
Søknadsfrist:
15. mai (haust) / 15. november (va¿r)
Send søknad til studierettleiar.lle@uib.no.
Arbeids- og undervisningsformer
Under praksisperioden vil studentane ha arbeidsplassen sin ved CDN to dagar i veka. Studentane vil ha arbeidsplass i delt kontor og vil delta i prosjektmøte, forskargruppemøte og andre relevante hendingar ved CDN pa¿ linje med andre forskarar ved senteret. Arbeidsmengda svarar til ei 50% stilling der fysisk nærvære er venta to dager i veka. Tid og stad for arbeidet utover det er fleksibelt.
Studentane vil bli tildelt ein rettleiar ved CDN og vil utvikle ein plan for praksisperioden sin med rettleiaren innan dei første to vekene av praksisperioden. Dei skal skrive midtvegsrapport som skal drøftast med retteiar. Ved slutten av praksisperioden vil dei skrive ein rapport om forskinga si, og gi ei framføring eller demonstrasjon pa¿ prosjektet for andre forskarar ved CDN.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentar har arbeidstid på CDN to dager i veka i 16 veker, der dei både skal jobbe individuelt og delta i relevante forskargruppemøte og andre arrangement på linje med kollegaane. Praksisstudentar skal også:
- skrive ein praksisplan pa¿ 1-2 sider som skal godkjennast av retleiaren ved CDN tidleg i semesteret
- skrive ein midtvegsrapport pa¿ 2 sider som skal diskuterast med rettleiaren ved CDN
- halde ein munnleg presentasjon eller demo pa¿ 15 minuttar som oppsummerer forskinga deira for andre forskarar ved CDN