Forskingsmetodar og utvikling av forskingsprosjekt i digital kultur
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- DIKULT301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk ved behov
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Dette kurset gir ei oversikt over sentrale forskingsmetodar innan digital kultur og har eit fastsett pensum på rundt 500 sider. Studentane skal levere ei prosjektskisse for eit forskingsprosjekt. Studentane skal òg levere eit sjølvvalt pensum på rundt 500 sider knytt til området dei planlegg å forske på.
Dette emnet er ein obligatorisk del av masterprogrammet i digital kultur.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar om:
- eit spekter av kvantitative, kvalitative og hermeneutiske forskingsmetodar innan digital kultur
- eit spekter av teoriar som tilbyr ulike forståingsrammer innen digital kultur
- lover og etiske normer som gjeld i samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- på sjølvstendig grunnlag definere eit problemområde og isolere sentrale problemstillingar
- omtale og samanlikne ulike teoriar i relasjon til ein gitt tematikk
- avleie metodar ut frå ei teoretisk vurdering og kunnskapsmål
- omsetje desse metodane til konkrete aktivitetar med materiale, menneske eller andre forskingsobjekt.
- planleggje gjennomføringa av mastergradsprosjektet i Digital kultur
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
- presentere og forsvare ein prosjektutviklingsprosess for utanforståande fagfolk
- formulere og munnleg formidle sitt skriftlege arbeid til eit akademisk publikum
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og/eller seminar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret. I tillegg til seminara vert det gitt individuell rettleiing for utviklinga av prosjektskissa.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje ta eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
DIKULT301 krev at studenten leverer ei prosjektskisse på om lag 4000 ord, inkludert ein arbeidsplan
Dei obligatoriske aktivitetane er anten godkjende eller ikkje godkjende, og er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Emnet munnar ut i ein visuell presentasjon som byggjer på prosjektskisse-oppgåven. Dette kan til dømes vere ein plakat, en videopresentasjon eller eit interaktivt visuelt produkt.
Alle eksamensdelane må takast i undervisningssemesteret. Det blir ikkje gitt eksamen i undervisningsfrie semester.