Mastergradsoppgåve i digital kultur
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- DIKULT350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Rettleiing vil vere på engelsk, norsk eller eit anna høveleg språk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mastergradsoppgåva er eit større skriftleg arbeid som skal vere resultat av ei sjølvstendig utforsking av ein relevant problemstilling i digital kultur. Oppgåva kan kombinere teoretiske, metodiske og teknologiutviklande perspektiv.
Det er høve til å levere masteroppgåva som del av eit større prosjektarbeid, men resultatet som er knytt til prosjektet, må kunne evaluerast individuelt. Det vil til dømes seie at éin person kan stå for programmering, medan ein annan står for utviklingsarbeid i tilknyting til innhald og design, men den enkelte studenten sine resultat i prosjektet må kunne vurderast individuelt.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har...
- djup kunnskap i eit avgrensa område innan Digital kultur
- brei orientering innan og inngåande innsikt i teoriar og metodar som er relevante for masteroppgåva
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- finne fram til, og handsame relevante problemstillingar på ein sjølvstendig måte
- meistre vitskapelege arbeidsteknikkar, teoriar og metodar, til dømes diskursanalyse, feltarbeidsteknikkar, kvalitative intervju, eller innhaldsanalyse
- produsere akademiske tekstar på eit høgt nivå på norsk eller engelsk
- meistre bibliografi- og dokumentasjonsarbeid
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig prosjekt
- arbeide sjølvstendig, systematisk og vitskapeleg
- forfatte tekstar på høgt fagspråkleg nivå
- dokumentere funn og faglege visjonar
- formidle forskinga si til et breitt publikum
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidet med mastergradsoppgåva skjer med individuell rettleiing og i seminarer med medstudentar. Rettleiaren vert oppnemnd i løpet av andre semester av mastergradsstudiet.
Rettleiing skjer delvis i samband med forskargruppa for Digital kultur eller forskargruppa for Elektronisk litteratur sine aktivitetar (sjå under obligatoriske aktivitetar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle masterstudentar må skrive ein rettleiingskontrakt med Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium seinast i løpet av andre semester av studiet. I kontrakten blir rettar og plikter for partane presiserte. Retten til å ha rettleiar er til dømes tidsavgrensa. Fristar for innlevering av masteroppgåva blir fastsette av Det humanistiske fakultet, som også har hovudansvaret for innhaldet i kontrakten.
Det er omlag fem obligatoriske seminar per semester, der studentane må møta førbudd med eigne tekstar som skal verta presenterte og diskuterte. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret.
Vurderingsformer
Masteroppgåve. Denne kan vere ei teoretisk oppgåve, eller ei praktisk oppgåve med rapport. Om oppgåva får ståkarakter (A-E) blir studenten prøvd munnleg i oppgåva. Den munnlege prøven er justerande, dvs. at den endelege karakteren kan avvike frå karakteren på oppgåva med inntil éin bokstav. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium fastset elles formelle krav til oppgåva.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Studentane skal gjere seg kjent med sentral forskingslitteratur i det valde emnet for masteroppgåva, Teksten og bibliografien skal syne omfanget av stoffet kandidaten har tileigna seg.
Studenten skal gjere seg kjend med bibliografiske baser og tenestar og, om det der naudsynt, arkiv og andre ressursar som er viktige for gjennomføring av masteroppgåva.