Utviklingsøkonomi I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ECON115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset introduserer studentane til sentrale problemstillingar knytt til økonomisk utvikling i fattige land. Vi observerer at det er stor skilnad i materiell velstand mellom fattige og rike land, og at skilnaden vert større med tida. I tillegg til å kartlegge økonomiske storleikar, gjennomgår vi i kurset ulike teoriar som kan forklare årsakene til økonomisk vekst og utvikling (eller mangel på økonomisk vekst og utvikling).
Skilnaden i inntekt mellom rike og fattige land er enorm, og skilnaden vert større med tida. I kurset presenterer vi tal som underbyggjer desse påstandane, og teoriar som kan kaste lys over årsakene til utviklinga. Kurset gir ei innføring i korleis ulike økonomiske institusjonar og marknader fungerer i fattige land. Det vert spesielt fokusert på korleis kredittmarknaden fungerer. I kurset vert det også diskutert korleis ein i fattige land får realisert økonomiske mekanismar som forsterkar fattigdom (fattigdomsfeller).
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
- Kan forklare kor store skilnader det er i materielle levekår mellom rike og fattige land, korleis denne skilnaden har utvikla seg over tid og i kva grad andre levekårsindikatorar (slik som helse og skule) samvarierar med inntekt per capita.
- Kan forklare kva økonomisk vekst er, kva vilkår som ligg til grunn for økonomisk vekst og kunne gjere greie for sentrale teoriar for økonomisk vekst.
- Kan greie ut om ulike fattigdoms- og ulikskapsmål, og fordeler og ulemper ved dei ulike måla. Han eller ho skal kjenne sentrale demografiske trekk i verda og kunne forklare korleis vekst i folketal påverkar andre økonomiske tilhøve.
- Kan greie ut om utviklinga i internasjonale handelsmønster og gjere greie for sentrale økonomiske teoriar for internasjonal handel.
- Kan greie ut om sentrale multilaterale hjelpeorganisasjonar og kva rolle dei har. Dei skal og kunne forklare kvifor og korleis økonomisk utviklingshjelp vert gitt, og kva ulike teoriar seier om korleis slik hjelp verka.
Ferdigheiter
Kandidaten...
- Kan nytte modellar som analyseverktøy i diskusjon om blant anna skilnader mellom fattige og rike land og verknader av økonomisk vekst på ulikskap og fattigdom.
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Skriftleg 4 timar eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.