Challenges of Global Poverty
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ECON217
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje studentane ei betre forståing av korleis dei fattige i verda lever og utforske korleis vi kan forbetre kåra deira.
Dei sentrale tema som vert tekne opp er:
- Fattigdommens art og fordeling på tvers av land og regioner.
- Årsakene til vedvarande fattigdom.
- Framgangen på tusenårserklæringa om "å gjere fattigdom til ein ting frå fortida".
- Om kampen mot fattigdom bør overlatas til dei frie marketskreftane
- Empirisk evaluering av kva slags politikk som verkar.
- Institusjonsbygginga si rolle i kampen mot fattigdom.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om fattigdom
- har ei overordna forståing av teoriar om årsaker til vedvarande fattigdom, som for eksempel:
- fattigdomsfella
- korleis fråvær av ein marknad for kreditt, forsikring og sparing fører til manglande investeringar
- korleis svake institusjonar fører til ineffektiv politikk
- kan gjere greie for grunnleggjande moderne metodar for evaluering av politiske tiltak mot fattigdom.
Ferdigheiter
Studenten
- kan berekna numerisk og framstille grafisk ulike mål på fattigdom, ulikhet og menneskeleg utvikling
- kan forklare ulike fattigdomsrelaterte utfall ved hjelp av gjennomgåtte modellar
Generell kompetanse
Studenten kan forstå og kritisk vurdere relevant faglitteratur
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.