Helseøkonomi
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ECON321A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gjera studentane interessert i og i stand til å vurdera ulik politikk relatert til helse - sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. For å komme dit, må ein forstå både kvifor ulike land vel ulike helsesystem, korleis aktørane i helsesystemet tilpassar seg, og korleis individa som nyttar helsesystemet tilpassar seg. På eit overordna plan skal emnet formidle forståing for dei økonomiske samanhengane mellom helse på den eine sida, og utvikling, forskjell og helsepolitikk på den andre sida.
Studiet tar opp tema som:
- Helse og utvikling - mikro- og makro-samanhengar
- Helsekapital
- Helseinvesteringar over livsløpet
- Helse og åtferd - med spesielt fokus på intervensjonar
- Den sosioøkonomiske gradienten i helse - kva påverkar kva?
- Helsesystem i ulike variantar, og dessutan reformer i nyare tid
- Utfordringar og insentiv på tilbodssida
Det kan variera litt frå gong til gong akkurat kva for nokre av desse tema vi fokuserer på.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten har kunnskap om
- Samanhengen mellom helse og utvikling i makrostudiar
- Samanhengen mellom helse og utvikling i mikrostudiar
- Helse som konsum- og investeringsgode
- Grossmans humankapitalmodell
- Korleis åtferd påverkar dødelegheit og om/korleis åtferd kan påverkast
- Kva den sosioøkonomiske gradienten i helse består i
- Empirisk og teoretisk grunnlag for ein kausal samanheng mellom utdanning og helse
- Ulike helsesystem og kva hovudkomponentar dei har
- Restriksjonar ulike helsesystem legg på tilbods- versus etterspørselsida
- Policy-endringar i helsevesen i rike land (Europa og USA)
- Problem på tilbodssida: kompetanse, kvalitet og nærvær
- Insentiv på tilbodssida - om og korleis dei verkar
Ferdigheiter
Studenten kan
- Gjere greie for teoretisk og empirisk grunnlag for tema vi har gått gjennom i kurset
- Gi døme frå nyhendebildet / aktuelle debattar som relaterer seg til dei ulike tema vi har gått gjennom i kurset og analysere dei i eit samfunnsøkonomisk perspektiv
- Knyte saman teori og empiri
- Sjølvstendig belyse aktuelle forskingstema ved hjelp av teori og empiri
- Lese og forstå aktuelle vitskaplege artiklar som gjer bruk av konsept, teoriar og metodar vi har gått gjennom i kurset
- Kritisk vurdera vitskaplege artiklar og rapportar som omhandlar tema vi har gått gjennom i kurset
- Gjere greie for korleis dei ulike tema vi har gått gjennom i kurset er relevante for politikk utforming
Generell kompetanse
Studenten kan
- bruke kursinnhaldet i eige vitskapleg arbeid, til dømes i arbeid med masteroppgåve
- kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialistar og til allmennheten
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
3 timar skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.