Marknad og moral
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ECON351
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
«Grådighet er bra» seier den fiktive Gordon Gecko i filmen Wall Steet (1987). Kapitalismen bygger på "botnlaus grådigheit" hevda Karl Marx. Er det slik at marknader dyrkar og forsterkar det sjølvkjære i oss og undergrev det sosiale mellom oss? At marknader føreset, fremmer og legitimerer egoistisk åtferd?
Nei, svarer Adam Smith, grunnleggaren av faget samfunnsøkonomi, på alle spørsmåla. Marknader verken føreset, fremmer eller legitimerer egoistisk åtferd. For Smith er marknader, i tillegg til å byta varer og tenester, ein sosialiserande og siviliserande prosess. For å lykkast i marknader må vi òg retta søkelys på andres behov og ønsker, ikkje berre eigne.
I det nyklassisk økonomifaget blir ofte marknader og moral vurdert som fråkopla. Korleis moral heng saman med marknader ligg utanfor økonomifaget. Men for Adam Smith stod moral sentralt marknadsprosessen. For å forstå Smiths samanheng mellom moral og marknader vil sentrale tekstar i dette kurset vera delar av Smiths to bøker: The Theory of Moral Sentiments (TMS) som handlar om korleis vi menneske moralsk dømer andre og oss sjølv. An Inquiry into theNature and Causes of Wealth of Nations (WN) tar for seg Smiths marknadsteori.
Eit av måla er at studentane skal kunne forstå dei historiske røtene til faget samfunnsøkonomi. Å studere Smith sine originale tekstar er openbert interessant i seg sjølv. Men Smiths teoriar er framleis svært relevant, og eit anna viktig hovudmål er at studentane skal læra å bruka Smiths moral- og marknadsteoriar til å analyser aktuelle tema.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten...
- har brei kunnskap om Smith sin marknadsteori i WN og hans moralteori i TMS
- har spesialisert kunnskap til utvalde tekstar i Smiths marknadsteorier og moralteoriar
- har kunnskap om forskjellen i klassisk og nyklassisk økonomisk teori.
Ferdigheiter
Studenten...
- har grunnlag til å delta i ein fagleg debatt om klassisk økonomi plass i økonomifaget til å kunne nytta klassisk økonomi på aktuelle tema.
Generell kompetanse
Studenten...
- kan formidla sentrale delar av Smith sin marknads- og moralteori.
- har ferdighet til skriftleg og munnleg formidling.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Munnleg presentasjon av to oppgåver.
Presentasjonen kan gjerast åleine eller i grupper på maks 3 studentar.
Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering med justerande munnleg.
Samla karaktervurdering av skriftlege arbeid i mappa er basert på:
- Heimeeksamen I (40 %)
- Heimeeksamen II (60 %)
Heimeksamen kan gjerast åleine eller i grupper på maks 3 studentar
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.