Farmakologi II
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FARM293
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
- Emnet skal saman med FARM290 gi eit samla bilde av farmakologifaget. Dette inkluderer kjennskap til verkemåte, bruk, effektar og interaksjonar av dei viktigaste legemidla.
- Å gje farmasistudentar naudsynt kunnskap og trening for å forklara og gje råd om legemidlar og farmakologisk terapi.
- Emnet skal gi evne til å vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.
Innhald:
Emnet tar for seg dei viktigaste sjukdomane i dei ulike organsystema, som hjarte-kar, endokrine organ og sentralnervesystemet. I tillegg til innføring i sjukdomslære står medikamentell behandling av sjukdomar sentralt i kurset. Her vert verknadsmekanismen til medikamenta skildra, samt retningslinjer for bruk, biverknader, og interaksjonar med andre legemiddel.
I tillegg til forelesingar vil det vera tre kasus-presentasjonar der ein tar opp behandling av folkesjukdomar som t.d. kardiovaskulære lidingar
Det vert også gjeve grunnleggande undervisning i veterinærfarmakologi.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten har kjennskap til:
- Verknadsmekanismen til legemiddel som vert nytta i behandlinga av dei vanlegaste sjukdomane i Norge
- Prinsipp for medikamentell behandling av dei vanlegaste sjukdomane i Norge
- Bruk av eit breitt spekter av legemiddel.
- Interaksjonar, kontraindikasjonar, forsiktigheitsreglar, overdosering / toksikologi i samband med legemiddel.
- Særskilte forhold innan farmakologi, som graviditet og amming, legemiddelbruk hjå born og eldre.
- Dei viktigaste legemidla og prinsippa for medikamentell behandling av sjukdomar hjå kjæledyr, husdyr og fisk
- Korleis legemiddelmålingar og andre analysemetodar kan nyttast til persontilpassing av legemiddel og legemiddeldosering
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- Demonstrera korleis ein nyttar farmakologisk kunnskap til å rådgje om medikamentell behandling
- Søka informasjon om legemiddel og setja saman ein farmakologisk handlingsplan for dels kompliserte sjukdomsbilete.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på tre kasus-arbeid er obligatorisk. Kasus-arbeid inkluderer både pre-quiz, gruppearbeid og presentasjon.
- Innlevering og presentasjon av tildelt legemiddel
- Godkjent kasusrapport. Dette er ein føresetnad for å kunna ta endeleg eksamen.
Vurderingsformer
1: Skriftleg eksamen (fleirvalsoppgåver). 2-timars skuleeksamen i mars.
2: Munnleg eksamen. Studentane får utdelt 10-12 kasuistikkar som dei skal arbeida med to dagar før eksamen. Eksamen vil vera delt inn i tre stasjonar, der studentane får spørsmål om ein av kasuistikkane på kvar stasjon. Studentane kan ta med seg skriftlege notat som hjelpemiddel til eksamen. Ingen digitale hjelpemiddel eller lærebøker er tillatne. Alle tre stasjonane av eksamen må vera bestått.
Del 1 skriftleg eksamen må vera bestått før ein kan gå opp i del 2 munnleg eksamen. Det vil verta konte-eksamen for del 1 i god tid før del 2 munnleg eksamen.
Konte-eksamen i munnleg del vil haldast tidleg i påfølgjande semester.
Karakterskala
A-F.
Ein samla karakter der del 1 vil telja 25% og del 2 vil telja 75% av endeleg karakter.