Masteremne i filosofien i antikken
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FIL333
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane høve til å fordjupe seg i sentrale filosofiske originaltekstar frå antikken, epoken frå omlag 600 f. v.t. til omlag 500. Platon og Aristoteles er dei to mest sentrale forfattarane i perioden, men tekstar av andre filosofar vil og kunne vera aktuelle (t.d. førsokratikarane, Epikur, stoikarane, Augustin). Studentane skal gjere seg kjende med sentrale filosofiske problemstillingar og samstundes opparbeide seg forståing for både det særmerkte ved filosofien i epoken, og for epokens påverknad på seinare tiders filosofi. Gjennom sekundærlitteratur vil studentane få innblikk i ulike fortolkingar av antikke tekstar.
Emnet skal gje studentane eit godt grunnlag for å studere filosofien i seinare epokar, ikkje minst samtidsfilosofien.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- kunnskap om sentrale filosofiske problemstillingar i antikken
- god innsikt i problemstillingar, omgrep og argumentasjon hjå ein eller fleire utvalde filosofar i antikken
- kunnskap om ulike moderne fortolkingar av utvalde originaltekstar
- erfaring frå sjølvstendig arbeid med fortolking av sekundær- og originaltekstar
- innsikt i relasjonar mellom forskjellige fortolkningar i sekundærlitteraturen av eit utvald spørsmål frå antikkens filosofi
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- diskutere skriftleg og munnleg sentrale problemstillingar, omgrep og argumentasjon hjå utvalde filosofar
- kjenne att så vel det særmerkte ved filosofien i antikken som denne epokens påverknad på seinare tiders filosofi
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- å formidle filosofiske problemstillingar frå antikkens filosofi
- å arbeide sjølvstendig med grunnleggjande filosofiske problemstillingar i antikkens filosofi
- å kjenne att grunnleggjande problemstillingar og argument frå antikkens filosofi i ulike kontekstar
Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
- Studentane skal levere forslag og utkast til semesteroppgåva. Fristar blir bestemt av instituttet
- Studentane må delta på ei rettleiingsøkt med faglærar
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.