Innføring i moderne franskspråkleg litteratur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i fransk og frankofonlitteratur og litteraturhistorie frå det 17. hundreåret 1900-talet og fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstargjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet avtekstane vert merksemda retta mot litterære og språklege verkemiddel og korleis tekstane er knytte tilfransk og frankofon litteratur- og kulturhistorie.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til den kulturelle konteksten deira
  • har kunnskap om hovudlinene i fransk litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram til vår tid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjera greie for tematiske aspekt ved pensumtekstane på fransk
  • kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransk litteraturhistorie
  • kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane

Generell kompetanse

Studenten:

  • har eit godt grunnlag for å utvikla vidare sine kunnskapar om og forståing av franske litterære tekstar og deira kulturhistoriske kontekst, også i samband med andre språks litteraturar.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning på studiets læringsplattform MittUiB og på ZOOM. Dette emnet finst òg som vanlig campusstudium (FRAN122)
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar. Sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN622 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN102 eller FRAN122. Det blir redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN105 eller FRAN106.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak gjennom UiB Videre
Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 2 timar undervisning per veke i 10 veker. Det kan òg bli noko fellesundervisning på nett saman med FRAN122.

Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoer/videoførelesningar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer normalt på ZOOM og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga består av førelesingar og seminar samt filmframsyning. Det blir gitt rettleiing i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva.

I byrjinga av semesteret organiserer instituttet normalt eit fire-vekers kurs for studentane ved Det norske studiesenteret i Caen, med fokus på munnleg og skriftleg fransk. Kurset er gratis, men studentane må sjølv betala for reise og opphald. Det er mogeleg å få bu hos ein fransk vertsfamilie. Du kan søke Lånekassen om reisestipend.

Dersom ressursane tillèt det, blir det halde kollokvier/oppgåveseminar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga på ZOOM for å få gå opp til vurdering i emnet.

I løpet av semesteret skal studentane lage ei fransk-norsk ordliste (minimum 50 ord) frå eit gitt pensumverk til publisering på plattformen og til felles bruk.

I samband med undervisninga skal studentane halde ei munnleg framføring på 10 - 15 minutt. Det blir lagt til rette for at studentane kan samarbeide under arbeidet med presentasjonen. Studentane førebur framføringa under rettleiing av faglærar. Framføringa skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Ein digital munnleg eksamen på fransk i franskspråkleg litteratur på om lag 20 minutt. Evne til å uttrykka seg munnleg på fransk og kunnskap om pensum tel om lag like mykje for karakteren i emnet.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

a) Tekstpensum

Pensumet inneheld eit utval tekstar i ulike sjangre og frå ulike periodar av fransk litteraturhistorie frå 1900 og fram mot vår tid.

I litteraturlista ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.

b) Litteraturhistorie

Studentane lyt skaffa seg grundigare kjennskap til nyare fransk litteraturhistorie og til forfattarane som er lagde opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Litteraturlista vil vera klar innan 01.12.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne ved eksamen under forutsetning av korrekt bruk av kilder. Det er en selvfølge at teksten som leveres er studentens egen. UiB bruker Urkund til elektronisk plagiatkontroll av innleverte studentbesvarelser.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for fransk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.