Numerisk modellering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOF211
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Norsk om kun norskspråklege deltek
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I dette emnet lærer du å bruke numeriske metodar til å løyse enkle problem i væskedynamikk. Vi studerer eksakte og numeriske løysingar av partielle differensiallikningar knytt til adveksjon, diffusjon, svinging og bølgjeprosessar, og drøfter styrke og svakheit til ulike numeriske skjema.
Du vil lære å nytte metodar for å løyse startverdiproblem og studere korleis ulike grensebetingelsar påverkar resultata.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan nytte fagterminologi til å skildre kva ein numerisk modell er og generelle trekk ved numeriske modellar som vert nytta innan meteorologi, oseanografi og klima
- kan teste om eit numerisk skjema er stabilt
- kan drøfte korleis oppløysinga av dei ulike skalaene påverkar modellresultata, og skilje mellom fysiske effektar og kunstige modell-effektar
- kan skildre korleis enkelte numeriske adveksjonsskjema kan optimaliserast ved bruk av "flux limitere"
Ferdigheiter
Studenten
- kan diskretisera ei likning på ein konsistent måte, og seie kor nøyaktig tilnærminga er
- kan vurdere dei ulike feilkjeldene som kan dukke opp i modellresultata, slik som fasefeil og dempingsfeil
- kan drøfte kva for avgrensingar ein numerisk modell har
Generell kompetanse
Studenten
- kan skrive eigen kode til å gjere enkle numeriske berekningar
- kan bruke numeriske modellar som verktøy til å løyse differensiallikninger knytt til meteorologi, oseanografi og klima
- kan lage grafikk og framstille data frå ein numerisk modell på høveleg vis
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår. Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon:
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte på første forelesing.
- Kvarandrevurdering av 2 oppgåver.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Mappa består av
- 5 oppgåver du leverer gjennom semesteret og
- Eit samanbindande refleksjonsnotat på 400-700 ord
Du får tilbakemelding på kvar av oppgåvene undervegs og leverer til slutt ei samla mappe for vurdering. Prosessen og progresjonen i arbeidet ditt inngår i vurderinga gjennom:
1) endringar du gjer basert på tilbakemeldingar på enkeltoppgåvene og
2) refleksjonar over eigen læring i eit samandbindande refleksjonsnotat.