Vidaregåande kjemisk oseanografi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOF336
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk.
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
GEOF336 er en vidareføring av emnet GEOF236. I GEOF336 får studenten djupare innsikt i spesifikke tema innan kjemisk oseanografi inkludert klassiske så vel som nyare relevante forskingsområde som blir handsama innanfor biogeokjemi. Studenten lærer å samle informasjon frå ulike litteraturkjelder for å lage ei syntese og presentere denne for eit publikum.
Innhald:
Emnet GEOF336 bygger på GEOF236, men fokuserer meir på det allmenne forholdet mellom prosesser som bestemmer fordelinga av kjemiske stoff mellom havet og atmosfæren, og kor viktige desse prosessane er for klima- og miljøendringar i fortida, notida og framtida. Emnet gir innsikt i viktige vitskapelege problemstellingar som for eksempel den kontrollerande rolla til havet for atmosfærisk CO2-innhald over tid; mekanismar og verknader av opptak av CO2 i havet og forsuring av havet; sykling av næringsemne i havet; oksygen og deoksygenering som følgje av klimaendring; endringar i marine økosystem i geologisk tid og under menneskapt påverknad; rolla til ulike funksjonelle grupper i marine økosystem; og land-hav kopling.
Aktuelle tema vil endre seg frå år til år. Studentane må levere ei semesteroppgåve basert på eit fritt valt emne innanfor klima- og miljøendringar og presentere resultatet i plenum for andre studentar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om spesifikke problem innanfor kjemisk oseanografi
- har inngåande kunnskap i eit sentralt sjølvvalt biogeokjemisk tema
- forstår korleis biogeokjemi og klimaendringar heng saman
- har oversikt over nyare forskingsaktivitet og utvikling innan biogeokjemisk forsking
Ferdigheiter
Studenten
- er i stand til sjølvstendig å setje saman og trekke ut informasjon om forventa klima- og miljøendringar basert på den mest oppdaterte forskinga i internasjonale vitskaplege tidsskrift, og presentere denne informasjonen i eit kritisk og analytisk perspektiv
- er i stand til å presentere eit utvalt emne innanfor klima- og miljøendringar basert på publisert litteratur frå internasjonale vitskaplege tidsskrift i ei semesteroppgåve
- er i stand til å presentere og utdjupe vitskaplege resultat av semesteroppgåva offentleg
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk lese vitskapelege artiklar og skrive oppsummering av dei
- kan gjennomføre eit vitskapleg litteratursøk
- har erfaring i vitskapleg skriving og presentasjon
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Veiledning av semesteroppgåve og presentasjon
Ein dag med studentpresentasjon av semesteroppgåve
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering
Mappa består av
- Semesteroppgåve og presentasjon. Tel 20 % av sluttkarakteren og må vere bestått
- Munnleg eksamen, tel 80 % av sluttkarakteren
Semesteroppgåva og presentasjon er gyldig i semesteret dei er levert og i det påfølgjande semesteret.