Introduksjon til geofag og informatikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOV181
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Dette kurset har som mål å introdusere studentar til utforsking og analyse av opne datasett for å adressere spørsmål innan geo- og klimavitenskap. Studentane vil bli kjende med å innhente og arbeide med romlege datasett og tidsseriar, som er mykje brukt i geovitskapleg forsking for akademiske, statlege og kommersielle aktørar i Noreg og internasjonalt. Studentane vil bli introdusert for bruk av geografiske informasjonssystem (GIS) samt programmeringsspråk for å kunne visualisere, modellere og analysere geovitskapelege data, ved mellom anna å bruke dømer frå platetektonikk, globalt klima, overflateprosessar og geofarar. Studentane vil lære korleis dei kan kommunisere kvantitativt om store og komplekse datasett samt korleis dei kan kople slike datasett saman.
Læringsutbyte
Etter fullføring av kurset vil studenten kunne:
Kunnskap
- Skildre dei viktigaste opne datasetta og modellresultata som blir brukt innan geovitskap, samt vere kjent med korleis ein får tilgang til datasett og korleis ein visualiserer desse.
- Forklare grunnleggjande dataanalysemetodar som blir brukt innan geovitskap og gje døme på deira bruk.
Ferdigheiter
- Gjere grunnleggjande bruk av geografiske informasjonssystem (GIS) og programmeringsspråk for å forstå geovitskapelege problem
- Kommunisere kvantitativt om geovitskapelege problem ved hjelp av datasett og modellresultat på ulike tidsskalaer og romlege skalaer.
Generell kompetanse
- Forstå korleis opne data og kvantitative metodar blir brukt innan geovitskap.
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studenter som er tatt opp på bachelorprogrammet i geofag og informatikk har fortrinnsrett
Arbeids- og undervisningsformer
Dette kurset involverer gruppediskusjonar, læring i grupper og databaserte praktiske øvingar. Studentane må sette seg inn i nettbaserte læringsmateriale som førebuing til kvar undervisningstime. Undervisninga foregår i blokkar av tre timar kvar veke over eitt semester. I nokre veker vil det vere ekskursjonar lokalt i/rundt Bergen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i alle læringsaktivitetar samt innlevering av alle øvingar.
Vurderingsformer
Mappevurdering. Studenten skal levere eit sett med øvingar som utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått.
Vurderingssemester
Det er berre mogleg å få vurdering i semestra emnet vert undervist.
Litteraturliste
Ingen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for geovitskap har det administrativet ansvaret for emnet.