Masterekskursjon i kvartærgeologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOV322
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål: Kvartærgeologien i Europa har store regionale skilnader både i høve til kva prosessar som har verka i landskapet og ikkje minst kor lenge eit område har vore utsett for ulike eksogene prosessar. Målet med emnet er å gje studentane innblikk i og kunnskap om utvalde områder med fokus på den regionalgeomorfologiske og -stratigrafiske delen av kvartærgeologien. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg avanserte kunnskapar og førebu presentasjon av og diskusjon om kvartærgeologiske problemstillingar i Europa. Vidare skal ein kunne teikne geologiske skisser og detaljerte skildringar med påfølgjande tolkingar av utvalde ekskursjonsmål. Reisemål for ekskursjonen skiftar frå år til år og har tidlegare vore Island, Nord-Sverige, Skottland og Nord-Noreg.
Innhald: Ekskursjonen går normalt over seks dagar og vert førebudd gjennom seminar der ein gjennomgår litteratur som omhandlar aktuelle problemstillingar. Studentane vel eit emne som dei skriv eit essay om og som vert presentert for resten av gruppa. I tillegg til essayet vert studentane gjort ansvarlege for å presentere ein eller fleire av lokalitetane på ekskursjonen. Under ekskursjonen vert det ført feltjournal. På denne bakgrunn blir en temarapport utarbeidd og sett saman til ein meir omfattande ekskursjonsrapport. Uavhengig av kvar ein reiser vert studentane gitt ei brei opplæring i forskjellige typar avsetningar og former sett inn i ein regionalgeologisk kontekst.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- identifisere ulike eksogene prosessmiljø uavhengig av kva region ein vitjar
- skildre kva geomorfologiske prosessar som er og har vore aktive i eit område
- innhente og tolke data gjennom enkle feltarbeid
- presentere den kvartæregeologiske historia i ein region basert på litteraturstudiar og enkle feltstudiar
- organisere og skrive geologiske rapportar basert på feltobservasjonar
Dugleik
Studenten kan
- konkludere om genese og prosessmiljø for ulke typar geologisk materiale avsett av ulke geomorfologiske agensar
- summera og tolka informasjon innhenta med enkle felt meodar
- framstilla og drøfte den kvartærgeologiske historia for eit område
Generell kompetanse
Studenten kan
- vurdera kritisk litteratur publisert om gitte regionale kvartærgeologiske problemstillingar
- gjennomføra feltstudiar i Nord-Europa
- demonstrere evne til å arbeida individuelt, men også som ein del av ei gruppe både i feltsituasjonen og i ekskursjonssamanhengar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Emnet er basert på ekstern finansiering og kan bli kansellert V22 i mangel på dette.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga. www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Seks seminarer à 2 timer tidleg i semesteret
Seks dagars feltkurs i slutten av semesteret.
Studenten skal trene på å utarbeide skriftleg materiale til feltkurset, og kan få oppgåver som il dømes å utarbeide korte intro-filmar, eller liknande.