Glasiologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOV325A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er å gi ei dypere og meir kvantitativ forståing av glasiale prosessar og interaksjonar mellom vêr/klima og isbrear. Emnet inneheld interaksjonar mellom snø, is og klima, modellering av massebalanse, temperatur i isbrear, bre-hydrologi og bre-dynamikk. Prinsipp for isbremodellering og glasiologisk feltarbeid vert presentert. Studentane lagar si eigen bre-modell i Phyton og analyserar data frå feltarbeidet. Alle studentar skal presentere og oppsummere ein fagfellevurdert artikkel i plenum.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført kurset GEOV325 skal studenten kunne:
Kunnskap:
- Skildre prinsippa for massebalansemodellering og målingar
- Skildre prinsippa for isbrebevegelse og bredynamikk
- Forklare temperaturforhold og fordeling i isbrear og isdekke
- Forstå korleis isbrear og klima samhandlar, med vekt på forskjellar mellom marine og kontinentale klima
- Skissere korleis klimaendringar påverkar dei enkelte delane av overflatemassebalansen
- Skildre tydinga av flytande vatn i isbrear
- Forstå prinsippa for samspelet mellom kontinentale isdekke og den faste jorda, og tydinga av denne prosessen for isdekkestabilitet og glasiale syklusar
- Drøfte hovudprinsippa for isbremodellering
Ferdigheiter:
- Implementere teoretisk kunnskap om glasiologi i ein numerisk modell
- Ha praktisk erfaring med glasiologiske feltmetodar som akkumuleringmåling, grunnpenetrerande radar og luftfotogrammetri
- Analysere og kvantifisere samspelet mellom snø, is og klima i sin eigen modell
- Teste effekten av ulike klimavariasjonar (temperatur, nedbør) på isbreens massebalanse
- Presentere utvalde glasiologiske emne for medstudentar
Generell kompetanse:
- Oppsummere og presentere innhaldet i aktuell fagfellevurdert litteratur innan glasiologi
- Løyse differensiallikningar numerisk
- Implementere og operere ein isbremodell skrive i Python-språket
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår.
Emnet vert ikkje undervist ved lågt studenttal og inngår derfor i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelor i geologi, naturgeografi eller tilsvarende.
Studiepoengsreduksjon
5 sp overlapp med UNIS-emnet AG325 "Glaciology"
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisingen vert gjeven som førelesingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltagelse på 75%.
Vurderingsformer
Mappevurdering med presentasjon.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Mappevurdering i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Lærebok, datamaskin
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.