Sekvensstratigrafi og "Source-to-sink"
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOV361
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å introdusere studentane for grunnleggjande kunnskapar i sekvensstratigrafi og «source-to-sink» samt å vise korleis kunnskapen vert nytta for betre å forstå korleis sedimentære lagrekkjer er bygga opp i eit tid-rom perspektiv og kva for kontrollar som styrer denne oppbygginga.
I emnet går ein gjennom grunnleggjande begrep, prinsipp og metoder både i «source-to-sink», frå sedimentproduksjon via transport til avsetjing, og i sekvensstratigrafi, frå korleis sedimentære lagrekkjer kan delast inn i genetiske eininger til kva for prosessar som styrer utviklinga gjennom tid. Prinsippene klårgjerast ved hjelp av eksempel og studentane får selv nytte metodene på borkjerner frå norsk sokkel.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten kan
- greie ut om konsept og metoder i «source-to-sink» og sekvensstratigrafi
- forklare danninga av viktige diskontinuitetsflater og dele ei lagrekkje inn i sekvensar
- greie ut prosessane bak, og effekten av tektonikk, klima, sedimenttilførsel og havnivåendringer på sediment ruting fra kjelde til basseng og sedimentære lagrekkjer si oppbygging
Ferdigheiter:
Studenten kan
- framstille og analysere ei sedimentær lagrekkje med vekt på tolking av interne og eksterne kontrollar, avsetjingsmiljø og sekvensstratigrafi
- identifisere genetisk relaterte eininger og deira mellomliggjande diskontinuitetsflater
- vurdere kva for kontrollar som ligg til grunn for sediment produksjon, transport og avsetjing samt stabling og geometri av sedimentære lagrekkjer
Generell kompetanse
Studenten kan
- bruke kunnskapen og ferdigheitane oppnådd i emnet i praktisk arbeid knytta til reservoarkarakterisering og evaluering av bassenginnfylling for CO2 depon, akviferar, og petroleumsførekomstar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering:
Dei tre obligatoriske øvingane vil bli vurdert samla
Seismisk stratigrafi øving
"Source-to-sink" øving
Kjerne - workshop journal