Fordjuping i eldre historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HIS114
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt undervises emnet på norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Når ressursane tillet det tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema, og studentane vel eitt av dei (per emne). Studiet omfattar perioden frå antikken fram til ca. 1750. Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i det aktuelle temaet. Dei skal læra seg å formidla historisk stoff best mogeleg, å nærma seg historiske problem på ein vitskapleg måte og å bruka historisk teori og metode i behandlinga av historiske spørsmål. Tema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før semesterstart.
Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.
Trykk her for informasjon om temaet som er gjeldande dette semesteret
Studentar i spesialisering som skal ta to fordjupingsemne inneverande semester skal velje eitt emne i blokk 1 og eitt emne i blokk 2.
Sjå studieplanen til bachelorprogrammet i historie for meir informasjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har god kunnskap innan det valde fordjupingsteamet.
- kjenner til synsmåtar, forklaringar og teoriar knytt til temaet.
- har god innsikt i sentrale kjelde- og metodespørsmål.
Ferdigheiter
Studenten
- kan problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte historiske framstillingar innan temaet.
- kan vurdere og analysere litteratur/kjelder og kunne trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av denne analysen.
Generell kompetanse
Studenten
- viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Undervisninga går føre seg i første halvdel av haustsemesteret (undervisningsblokk haust 1).
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Temaene har begrensa kapasitet, plass på temaene vert tildelt etter "første mann til mølla-prinsippet".
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert normalt gjeven i form av førelesingar, men andre undervisningsformer kan verte aktuelle (om lag 25 undervisningstimar totalt).
Om det melder seg fem eller færre studentar til eit tema på emnet, kan instituttet innføre tilpassa undervisning i det aktuelle temaet eller avlyse temaet. På tema der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid på inntil 1500 ord. Oppgåva skal ha tilvisingar i teksten til kjelder og litteratur og liste til slutt over den litteraturen som er nytta.
Emneansvarleg kan opne for at studentar (individuelt eller i grupper) svarer på den obligatoriske øvingsoppgåva t.d. i form av videoar, førehandsinnspelte presentasjonar eller podcastar med ei lengde på 10-15 minutt. Innleveringa må innehalde liste over kjelder og litteratur som er nytta. Ved gruppearbeid må det òg leverast ei skriftleg erklæring om korleis deltakarane har bidrege til gruppearbeidet.
Omfang, fristar og retningslinjer for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved studiestart .
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
- 6- timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere gyldige for å kunne møte til eksamen.
Undervisningsspråket kan variere mellom de ulike temaene som tilbys på emnet, og eksamensoppgaven følger undervisningsspråket i det aktuelle temaet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert halden ved utgangen av undervisningsblokk haust 1 (midten av haustsemesteret).
Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (vår). Denne eksamen er berre open for studentar som har gyldige obligatoriske undervisningsaktivitetar i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.