Politikk og samfunn i antikken
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HIS130
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, og eventuelt engelsk ved gjesteførelesingar
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Omgrepet "politikk" kjem av det greske ordet for bystat, polis. I ein periode på 1250 år (omkring 750 f.v.t. - 500 e.v.t.) var Middelhavet og Svartehavet omkransa av slike sjølvstyrte byar, med eit relativt lite jordbruksoppland, og ofte såpass få borgarar at dei kan karakteriserast som "face-to-face societies".
Men politisk teori og den overflod av forskjellige konstitusjonar som har danna basis for europeisk tenking heilt frem til våre dagar, oppsto i det politiske laboratoriet rundt Middelhavet. Her gjennomførte ein gjennom fleire hundre år både fredelege og valdelege eksperiment med variantar av einevelde (monarki/ tyranni), fåmannsvelde (aristokrati/ oligarki) og folkestyre (demokrati). Emnet er eit samanliknande (komparativt) studium av desse styreformene, og prosessane som skapte og opprettheldt dei, med hovudvekt på de fire mest kjente bystatane; Athen, Sparta, Syrakus og Roma.
Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar om dei mest kjente politiske systema i antikken
- er godt kjent med nokre av dei viktigaste antikke kjeldene og kjeldekritisk drøfting av desse
- har eit grunnlag for å arbeide sjølvstendig med sentrale problemstillingar med utgangspunkt i den nyaste forskingsdebatten
- har ei brei komparativ forståing av antikkens politiske kultur
Ferdigheiter
Studenten
- har evne til å setje seg inn i og diskutere sjølvstendig i høve til historiske kjelder og forskingsdebatt, og relatere forståinga av antikken til seinare periodar og den moderne politiske røyndommen.
Generell kompetanse
Studenten
- har evne til refleksjon og diskusjon kring komplekse sakstilhøve og er i stand til å sjå korleis dei same data kan underleggjast forskjellige analysemetodar og munne ut i ulike, men ikkje nødvendigvis gjensidig utelukkande konklusjonar
- har evne til å skilje mellom sikker kunnskap og hypotesar om den historiske røyndommen.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid på inntil 1500 ord. Oppgåva skal ha tilvisingar i teksten til kjelder og litteratur og liste til slutt over den litteraturen som er nytta.
Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to semester frå undervisingssemesteret det vart godkjend.
Vurderingsformer
6-timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere gyldige for å kunne møte til eksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Eksamen vert halden ved utgangen av undervisningsblokk haust 1 (midten av haustsemesteret).
Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (vår). Denne eksamen er berre open for studentar som har gyldige obligatoriske undervisningsaktivitetar i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1500 sider. Ein stor del av pensum er på engelsk.