Kategoriteori
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- INF223
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Kategoriteori er eit matematisk språk og verktøy som dannar grunnlag for å formalisere ei rekkje daglege omgrep. Den er høgst relevant for datahandsaming - den gjev avanserte metodar for skildring og resonnering kring komplekse situasjonar som involverer strukturerte objekt. Kategoriteori fokuserer særskild på tilhøvet mellom dei aktuelle studieobjekta og prinsipp for å konstruere desse.
Innhald:
Emnet gir ei innføring i kategori-teoretiske omgrep og metodar. Det vert lagt vekt på bruk av kategoriteori i programmering og modellering.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- er kjent med grunnleggjande kategorielle omgrep, resultat og konstruksjonar som inkluderer kategori, funktor, naturlig transformasjon, funktorkategori, skivekategori, pullback og pushout,
- er kjend med kategoriell tenking og kan bevise grunnleggjande teorem.
Ferdigheiter
Studenten
- kan forklare kategorielle omgrepa, resultata og konstruksjonane ved hjelp av informatikkdømer
- ha grunnleggjande ferdigheiter i å bruke kategori teori for å strukturere og formalisere typiske situasjonar i informatikk som involverer meir komplekse strukturar
- er i stand til å tileigne seg vidaregåande tema frå litteraturen
Generell kompetanse
- Studenten kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe,
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillinger og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innafor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og munnleg eksamen. Både innleveringar og munnleg eksamen må vera bestått då begge element testar emnet sitt læringsutbyte. Vektinga vert kunngjort på Mitt UiB ved semesterstart. Mappa kan på grunn av ikkje-etterprøvbarheit ikkje klagast på.
I semesteret utan undervisning vert eksamen tidleg i semesteret. På første påfølgjande tidleg eksamen vert resultata frå resten av mappa vidareført.