Italiensk språk 1 (nettbasert)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ITAL621
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk og norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje ei første systematisk innføring i italiensk grammatikk.
Øvingane som inngår i emnet, har som mål å integrere grammatikken i studiet av enklare tekstar for å øve opp evna hjå studentane til å forstå italiensk og sjølve kunne uttrykkje seg.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har kunnskap om hovuddraga i einskilde sider av italiensk grammatikk.
Ferdigheiter
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan forstå og gjere greie for utvalde grammatiske problemstillingar
- kan bruke desse kunnskapane i sitt vidare studium av italiensk.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av videoforelesingar og seminararbeid på digitale plattformer som UiB nytter seg av.
Studentane vil få tilgang til ei digital førebuingspakke (med videoforelesingar, skriftleg materiale, oppgåver o.l) gjennom læringsplattformen MittUiB.
Omfanget av seminarundervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. Seminarundervisninga består hovudsakleg av oppfølging av videoundervisninga og oppgåveløysing, og aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må levere tre obligatoriske oppgåver knytt til dei tema det vert gjeven undervisning i innan fastsette fristar . Dei obligatoriske oppgåvene kan ha ulike format (skriftleg tekst, videoframsyning, gruppearbeid o.l.), og fristane for innlevering vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet. Dei obligatoriske oppgåvene vert vurdert godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.
Vurderingsformer
Eksamen er ein 4 timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tilleggstid.
Eksamen består av fleire delspørsmål som tek opp problem det har vore arbeidd med i undervisninga. Både norsk og italiensk kan nyttast på prøva.