Italiensk språk 2 (nettbasert)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ITAL624
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk, engelsk og norsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet utgjer andre del av den systematiske innføringa i italiensk grammatikk.
Dei øvingane som inngår i emnet, har som mål å fremje evna hjå studentane til å sameine kunnskapar i grammatikk og leksikalske kunnskapar i arbeidet med å utforme eigne tekstar på italiensk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har kunnskap om hovuddraga i einskilde sider av italiensk grammatikk og muntlig kommunikasjon.
Ferdigheiter
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan forstå og gjere greie for utvalde grammatiske problemstillingar
- kan bruke desse kunnskapane i sitt vidare studium av italiensk.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet har form av seminarverksemd. I forkant av seminara vil studentane få sjå korte videoar som forklarar ulike grammatikalske fenomen.
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere to timar med seminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levere ei skriftleg utgreiing på italiensk om eit grammatisk problem i løpet av semesteret. Denne oppgåva vert vurdert som godkjend/ikke godkjend.
Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret dei er gjennomførde og i semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsforma er ein digital munnleg eksamen på omlag 30 minutt. Både italiensk og norsk kan nyttast på denne prøva.
I den munnlege prøva, som til vanleg tar utgangspunkt i ein tekst, skal studentane syne at dei har oversikt over dei sentrale problema i italiensk grammatikk og at dei kan greie ut om dei i munnleg form.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet.
Litteraturlista vil vere klar på Mitt UiB innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.