Middelalderlatin
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- LAT107
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet gir basiskunnskap i latinsk språk og litteratur i det kristne Vest-Europa i mellomalderen, og ei innføring i den europeiske bok- og skriftkulturen frå 500-1500.
Innhald
Kurset har førelesingar om grunnleggjande latinsk formlære og syntaks, med lesing av utvalde tekstar både i original og i omsetjing, der litteraturen blir sett inn i ein historisk kontekst. Studentane får ei innføring i utviklinga av latinsk skrifthistorie og boka som fysisk objekt (paleografi og kodikologi), samt innblikk i utfordringane ved tekstoverlevering.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har
- grunnleggjande kjennskap til latinsk språk og grammatikk
- kunnskap om hovudtrekka i utviklinga av bok- og skriftkulturen i mellomalderen
- kunnskap om det latinske språks og litteraturs historie og rolle som fundament for kulturen i Vest-Europa under kristen tid
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- på eit elementært nivå lese og omsetje korte originaltekstar på latin ved hjelp av ordbok
- formidle sentrale utviklingstrinn og grunnleggande konsept innan latinsk bokhistorie og handskriftskultur
- gjere greie for kulturelle og historiske årsaker til latinens rolle i Europa i mellomalderen
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultata skriftleg
- bruke arkiv, bibliotek og historiske samlingar i prosjekt, studium og forsking
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gjeven i form av førelesingar over delar av pensum. Undervisinga kan også vere i form av gruppearbeid eller ekskursjonar.
Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering. Studenten skal levere to oppgåver om eit fagleg tema på kurset, til dømes ei praktisk oppgåve knytt til tekstkopiering for hand (med tilhøyrande kommentar), eller ein rapport om fagleg utbytte etter ekskursjon eller liknande. Kvar oppgåve bør vere på om lag 3 sider (ca. 1000 ord). Oppgåvene må vere innleverte seinast ei veke etter at undervisinga er avslutta. Det blir gjeve ein samla karakter på dei to mappeoppgåvene.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.